Posta av: broyset | juli 6, 2010

Borte, vekk. Klosteret i Pechenga II

Ei god kjelde i Murmansk, kom med denne historia:  Klosteret brann ned for ca to år sidan.  Det er ganske sikkert at munkane var drukne då det skjedde, og mange trur at det var nokon av munkane sjølve som tende på.   Brannen var kyrkjepolitikk på høgt nivå:  Det var vedteke å bygge eit kloster i Murmansk, og munkane i Pechenga ønska seg dit.  Klosteret i Pechenga vart etablert i 1533, og har vore  ein viktig institusjon både religiøst, og i samband med tidlegare landnåm i Barentsregionen.  Difor ville det bli vanskelegare å reise pengar til kloster i Murmansk så lenge klosteret i Pechenga var til.

Vi spurde om nokon visste kva politiet hadde kome fram til med omsyn til brannen.  Det hadde ikkje kome fram noko opplysningar frå politiet, og truleg var heller ikkje brannen etterforska særleg grundig.  Både fordi ein ikkje vil blande seg bort i kyrkjepolitikk, og fordi det høver godt for militære styresmakter at Pechenga blir ein meir markert militær by no når dei ikkje lenger treng ta omsyn til klosteret.

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: