Dagen før vi reiste inn i Russland køyrde vi ein tur ut til Hamningberg, eit nedlagt fiskevær ut forbi Vardø. Der var ein del gamle, fine hus, – nokre var til nedfalls og nokre var blitt reparerte, eller var under oppussing. Om sommaren er der stor aktivitet.
På heimvegen frå Murmansk stoppa vi ei natt i Kandalaksja, og fekk høve til å køyre ein tur og sjå på Kovda, som ligg ca 8 mil sør for Kandalaksja langs M-18 mot St.Petersburg.
Det er også ein nesten fråflytta landsby, – men om sommaren er der folk, og ein del hus er blitt pussa opp, eller er i ferd med å bli det.
Byen ligg på andre sida av eit smalt sund. Der er bru over, men den er ikkje køyrande for vanlege bilar. Ein jeep eller SUV kan nok ta seg over.
Vi parkerte bilen på snuplassen før brua, og spaserte over til landsbyen.
Her var berre gamle tømmerhus å sjå, – mange til nedfalls, men det såg ut til at det vart arbeidd med oppussing og reparajonar på nokre av dei. Her er eit nytt, eller nymalt, gjerde.
Dette huset har stillas på framsida, så her blir det tydelevis jobba.
Eit lite stykke oppe i bakken kunne vi sjå kyrkja.
Til høgre for vegen låg det fleire hus. Det raude taket i bakgrunnen såg nytt ut.
Eit tun som såg litt skrøpeleg ut.
Vi høyrde rop og latter frå nokre born som leika i fjøra.
Lke ved vegen låg ein lekter fortøygd. Han var lasta med nye vindauge, og ei pappkasse med løk som hadde fått stå og vekse.
Ved vegkanten stod også pallar med mjølkespann.
Husa hadde elektrisitet tilkobla.
Vi såg også eit som hadde parabolantenne.
Nokre hus hadde fine utskjeringar på borda.
Her har det også blitt måla og stelt.
På denne linken er eit bilde frå ein annan blogg, teke i 2007, som viser kyrkja under oppussing. På biletet over kan vi sjå at mykje er gjort sidan då. Kyrkja manglar framleis vindauge, så vi trur at vindauga på lekteren skal vere til kyrkja.
Material frå oppussingsarbeidet låg framleis på marka rundt kyrkja.
Klokketårnet hadde og bordar med fine utskjeringar.
Litt lenger oppe i bakken bak kyrkja var ein minnelund. Der var alt nymåla og fint.
Vi vil anbefale å gå opp på haugen bak kyrkja. På toppen står eit trekors.
Derifrå ser ein utover Kvitsjøen, og har god utsikt til ein del av landsbyen som ligg lenger innover bak haugen.
Der er mange slags fasongar på desse husa.
Ein kan også sjå ein del av byen som ligg på eit nes på andre sida av sundet der vi kom ifrå. Denne delen var ikkje synleg frå vegen der vi kom køyrande.
På veg tilbake over brua møtte vi denne jenta som var ute og sykla med katten sin. Vi greidde å bli einige om at ho var russisk, og vi var norske. Så fekk vi vite at sykkel heiter velociped på russisk, og katt heiter kosjka.
Då vi sette oss i bilen att for å køyre dei 8 mila tilbake til Kandalaksja, var skodda i ferd med å kome inn frå Kvitsjøen. Her fekk vi fekk eit siste glimt av byen før vi var inne i skogen att.
Nydeleg, Eldrid. Synd vi ikkje fekk vere med dit
By: broyset on juli 9, 2010
at 6:10 am
Ja Bodil , søren , mi skuld ! Dette såg skikkeleg etnisk ut ..
By: Bente on juli 9, 2010
at 9:24 am
Har deg ikkje mistenkt for å bli sjuk med vilje Bente, derfor kan du ikkje snakke om «mi skuld»
By: broyset on juli 9, 2010
at 7:56 pm