Posta av: 4murmansk | juli 6, 2010

Hotellet i Kandalaksja

Vi har forstått det slik at der er ei viss nyfikne når det gjeld hotellet i Kandalaksja, – spesielt dei som ikkje fekk oppleve det, og som fekk ein noko tvilsam beskrivelse av standarden før vi forlet Murmansk.

Vi kan berolige alle med at vi overlevde den natta og, – og sov til og med godt.

Vi visste ikkje heilt kvar hotellet låg, så var førebudde på å leite litt. Etter eit par forsøk, kom vi inn til sentrum av Kandalaksja, og køyrde inn på ein litt stor plass for å parkere. Då såg vi plutseleg hotellet rett til høgre for oss, – det var berre å køyre rett over gata og inn på parkeringsplassen framfor hotellet.

Er du i tvil om kvar det er, sjå etter den store åpne plassen i sentrum der det står utstilt ein tanks på ein skrå betongsokkel. Slik er utsikta frå 4. etasje:

Utdøra er kledd med svart skinn på innsida, og der er eit sett med dører til, som også er kledde med svart, så det er nokså mørkt med det same du opnar ytterdøra, spesielt når du sjølv står i døropningen og sperrar for lyset.

Resepsjonen er blåmåla, med eit interessant mønster på veggane.

Bildet er teke eit stykke inne i rommet. Resepsjonsdisken er bak søyla litt til venstre i bildet, i framgrunnen er eit biljardbord.  I glaskarmen til venstre, bak blondegardina, låg ein stor brannete katt då vi kom inn. Han hoppa bedageleg ned og forsvant inn døra til høgre for disken, der vi trur kanskje frukosten vart servert. På hylla bak resepsjonen stod ein del plakettar og slikt, og blant anna også ei bordfane frå det svenske arbeiderpartiet.

I kroken til høgre for resepsjonsdisken var ei sitjegruppe. Då vi kom inn att litt seint etter turen til Kovda, sat ei av dei tilsette i sofaen her med eit strykebrett framfor seg og strauk dukar eller noko liknande. Det såg litt heimekoselig ut.

Sidan vi fekk rom i 4. etasje, var vi veldig glade for at der var heis.

Dørene var litt vel raske å smelle att, så det var nødvendig å halde litt på dei når vi skulle meir enn ein person inn i heisen.

Der var faktisk plass til tre personar når vi ikkje hadde bagasje, – det er mulig vi også kunne ha pressa in ein fjerde med litt omtenksom stuing.

Det viste seg at vi hadde fått ein suite med både stove, soverom, bad og ein liten gang.

I stova var der både sofa….

… salongbord og to lenestolar, i tillegg til tv og ein stor skjenk med koppar og glas ved sida av sofaen.

I soverommet innanfor var der, ikkje heilt uventa, to sengar.

I tillegg var der garderobeskap, og endå ein skjenk. Der var også dør inn til badet, som i tillegg også hadde dør frå gangen.

Sengekleda hadde livlege og varierte mønster og var i strykefri kvalitet. Asbjørn lurte på om senga kunne vere litt kort, men han fekk faktisk plass akkurat.

Vi var blitt forespeila at der kanskje ikkje var varmt vatn på hotellet, så vi vart positivt overraska over badet. Der hang ein varmtvasstank på minst 30, kanskje så mykje som 50 liter, som vi kunne bruke av heilt åleine. Rikeleg nok til oss.

I den vesle gangen utanfor var der eit kjøleskap som vi kunne plugge i om vi hadde bruk for det, samt ei ganske stor bagasjehylle.

Personalet var veldig hjelpsomme, sjølv om vi ikkje forstod så mykje av kvarandre sitt språk. Mykje kan seiast med teikn og fakter.

Dama i resepsjonen forstod ordet «kafe», og peika bort i motsett hjørne av der respesjonsdisken stod. Der var eit rom med ein liten kafe som såg ut til å vere driven separat frå hotellet. Vi gjekk inn og såg litt i disken og prøvde å bestemme oss for kva vi ville ha. Resepsjonsdama kom så inn og kommanderte dei som jobba der til å ause opp ei skål med suppe for å vise oss. Suppa såg god ut den, så vi nikka og gjorde teikn til at vi ville ha to. Så valde vi eit par innbakte bollar/brød, og kjøpte ein kartong juice, og sette oss så ved eit bord.

Det var fleire kundar i kafeen, så det vart litt venting. Etter ei lita stund kom resepsjonsdama inn att, såg at vi venta, og snakka så til kafepersonalet. Vi skjøna ikkje orda som vart sagt, men trur at ho ville ha dei til å servere oss før dei russiske kundane (vi syntest vi høyrde orda russisk og norsk inni det som vart sagt), – eller iallfall skunde på dei. Dei andre kundane var ikkje einige i det, – for dei hadde bestilt før oss, og det vart det ikkje gjort om på, heldigvis.

Vi fekk både suppe og brød, og det var godt.

Det tok ikkje lenger tid enn det ville tatt i ein vanleg restaurant, endå desse hadde mykje mindre plass å omrøme seg på.

Bak disken var der ca 1 eller 1,5 kvadratmeter bak eit forheng der dei kokte, og tilsvarande areal på andre enden, der det vart vaska opp. Heilt utruleg å kunne drive ein kafe med så liten plass.

Og dei hadde lekre skeier.

Det største minuset med hotellet var lukta. Det lukta ganske sterkt disel, eller gass, eller noko liknande, med det same vi kom inn i resepsjonen, – det var litt som å stå utanfor døra til maskinrommet på ei ferje. Heldigvis var lukta ikkje så påtrengande oppe i etasjane, og ganske fråverande inne på rommet.

Det høyrer med til historia at resepsjonsdama kom springande ut i bilen til oss då vi var klare til å køyre. I handa hadde ho brillene som Asbjørn hadde gløymt att på nattbordet. Her var det service heile vegen.

Reklame

Svar

  1. Så flott å få vere med dokke på hotell! Dette ser verkeleg spesielt ut, og noko å få med seg:) Sjøl om eg ikkje trur det vert på nokre år med meg… Blir litt skremt av alt spetakkelet med visum og grensevakter! Men elles kunne eg gjerne ha vore med på tur om nokon andre tok ansvaret for meg;) Kanskje dokke skulle meldt dokke og organisert ein tur, for eksempel for Hareid kammerkor….


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: