har det betre no enn for to år sidan. Då var dei trakasserte og truga av FSB, det hemmelege politiet. Særleg aktivistane som arbeidde for russisk sameparlament var utsette. Prostituerte, og organisasjonane som arbeidde for å betre kåra deira, var og utsette for overgrep frå politiet.
Irina Paykacheva, som har samarbeidd med Bodil og Amnestyguppa i Hammerfest, er både organisator og aktivist. Ho er leiar for Kolas kvinnelege juristar, ein organisasjon som driv med fri rettshjelp. Ho sit i fengselskommisjonen i Murmansk, og er aktiv i Memorial og Soldatmødrene. Fredag 2. juli var ein fin dag for ho: då var ho invitert til stiftingsmøte i Ungdom for humanisme på Kola. Fleire politiske ungdomsorganisasjonar og frivillege organisasjonar var med på dette stiftingsmøtet. Bodil gledde seg mest over at ein ungdomsorganisjon for lesbiske og homofile var med – dette er grupper som er svært utsette i Russland.
På spørsmål om korfor FSB ikkje lenger driv så hard trakassering av menneskerettsaktivistar, fortalde Irina at fleire organisasjonar hadde gått saman og invitert FSB til to rundebordskonferansar. Der hadde dei hatt dialog, der ho meinte dei hadde fått aksept for at dei dreiv lovleg arbeid, og at forfølging,truslar og trakassering dermed både er ulovleg og unødvendig. Når organisasjonane demonstrerer, ønskjer dei fredelege demonstrasjonar, og vil unngå konfrontasjonar med andre grupper. I tillegg er det ein modig dommar i sentrum av Murmansk, der dei fleste konfrontasjonar går føre seg, som har ikkje har dømt i favør av politi/FSB. Den nystarta ungdomsorganisasjonen har også valt ikkje-valdeleg strategi.
Vi var glade for desse nyheitene. Sidan Putin kom til makta, har situasjonen vorte gradvis verrre for menneskerettsaktivistar og ytringsfridom i Russland. Lovene om frivillige organisasjonar som kom i 2006, var så strenge at mange organisasjonar måtte legge seg ned. Dei makta ikkje den planlegging, registrering og rapportering det vart krav om. I 2008 fortalde Irina at trakasseringa av menneskerettsaktivistar var slik at folk torde ikkje vere med i menneskerettsarbeid. Ho meiner at dialog med styresmaktene har vore god strategi, som har gjort at forholda i Murmansk er betre enn andre stader i Russland. Ho er no også invitert til eir samarbeid med Helsingforskomiteen har med menneskerettsorganisasjonar i Russland, og gledde seg veldig over det.
Synest det var imponerande at det var arrangert konkurransar i kunnskap om menneskerettar for ungdom, på både lokalt og nasjonalt nivå.
Har ikkje høyrt om liknande her i landet.
By: 4murmansk on juli 10, 2010
at 3:39 pm