Det vart mykje køyring i løpet av turen, og bortsett frå 4 netter på same hotellet i Murmansk, var det nye etappar og nye opplevingar kvar dag. Tida vi hadde til å blogge var som regel mellom middag/kvelds og sengetid, – som kunne bli ganske seint somme kveldar.
Det har samla seg mange inntrykk som vi ikkje har fått gjort noko med underveis, så vi får legge til ein del no i ettertid. Det blir nok ikkje heilt kronologisk, men litt hopping fram og tilbake får vi tole.
Sidan vi nyleg samanlikna byen Kovda med Hamningberg, kan det kanskje passe å ta ein titt på denne bygda først. Under er eit kart over Varangerhalvøya, slik at de er klar over kvar det er, sånn nokolunde iallfall (raudt kryss i havet utanfor).
Vi køyrde ut hit den siste dagen vi var i Finnmark, etter at vi hadde overnatta i Vardø. Det er ca 3,5 mil på nokså smal, men asfaltert veg. Vegen går for det meste langs sjøen, – det vil då seie inn i vikar og ut på nes, i mange omgangar.
Landskapet er veldig spesielt. No er ikkje vi geologar eller noko slikt, så vi kan nok ikkje beskrive det med korrekt terminologi, men det ser ut som lagdelt berg (skifer?) som står på høgkant, – noko er forvitra, men harde delar står att som taggar på rad og rekke i landskapet.
Somme plassar er der høge søyler, – som store bautasteinar.
Innimellom er der vikar med flotte sandstrender, der dønningane frå Barentshavet rullar innover.
Oppe i dalsidene i nokre av desse vikane er der store vollar med rullestein, – etasje på etasje nedover mot sjøen.
Der er utruleg masse stein.
Vidde på vidde med stein.
Det er likevel ikkje heilt øde langs vegen, – vi såg mange hytter innimellom knausane, og inne i nokre av vikane, – både nye og av eldre dato.
Etter å ha køyrt ei god stund gjennom dette landskapet kunne vi omsider sjå Hamningberg i det fjerne.
Bygda vart fråflytta på 60-talet. Då tapte innbyggjarane kampen for å få ei skikkeleg hamn slik at det kunne vere muleg å drive fiske og fiskemottak.
Hamningberg vart ikkje brent ned då tyskarane drog seg tilbake i Finnmark på slutten av krigen. Her er difor bygningar både av eldre og relativt nyare dato, og det fins også spor etter busetnad heilt tilbake til yngre steinalder.
Dei lange tømmerhusa er rorbuer som russarane bygde på 1800-talet. Desse husa er no freda.
Russetømmer som dreiv i land vart også brukt til å byggje hus av.
Hus blir no reparerte og pussa opp.
Vi høyrde heile tida lyden av hammarslag medan vi gjekk rundt og såg oss om.
Nokre hus var veldig fint oppattspøta…..
… men på andre var hengelåsen framleis fastrusta.
Det blir drive utleige av rorbuer og rom om sommaren. Der er også ein kafe og butikk som er åpen i sesongen. Sesongen startar 1. juli, – dagen etter at vi var der.
Så det vart ingen vafler på oss.
«End of Europe – Hamningberg», står det på skiltet på veggen.
Kyrkja var også under oppussing. Lektene var på plass på taket, og skiferhellene låg klare på toppen av stillaset.
Vi køyrde heilt ut på ytste neset. Steinmuren er sikkert meint å beskytte vegen mot storbårene.
Bente ser etter kjende og ukjende blomster.
På veg innatt tok vi av i krysset og køyrde over det lave eidet over til andre sida av neset.
Her låg gravplassen.
Liksom minnelunden i Kovda var her nymåla gjerde og fint stelt.
Her slutta også vegen, rett bakom bakketoppen lengst vekk. Vi ser over Syltefjorden og vestover Varangerhalvøya. Hadde vegen gått vidare, ville dette blitt den neste inn-og-ut-turen.
Og kva anna enn dette kan ein vente å finne parkert like ved snuplassen på enden av Europa?
Vi skjønar forresten godt at folk vil reise hit, både dei som bodde her før, og turistar som oss og desse, – spesielt på ein fineversdag som vi hadde. Storm og styggever kan sikkert også vere eit imponerande skue her ute, men vegen er muligens vanskeleg å halde open vinterstid.
Før greidde dei seg utan veg, men i våre dagar er det ganske utenkeleg.
Reinsdyra som beitar her greier seg framleis godt utan.
På vegen ut att stogga vi og fotograferte denne minnesteinen over ein redningsdåd utført av RS Colin Archer i 1894. Steinen var reist 100 år etter.
Ein tur til Hamningberg kan absolutt anbefalast om du er i dette området. Men pass på å reise etter 1. juli viss du vil ha vaflar.
Apropos minnesmerke over Colin Archer: Eg søkte etter «RS Colin Archer i 1894» på Abc SØK. Det gav fleire treff, der ein kan lese om då Colin Archer søndag 20.mai 1894 segla ut i orkan frå Vardø til Hamningberg og berga 36 mennesker i havsnød.
By: Asbjørn on juli 18, 2010
at 1:42 am
Det stod lite om redningsaksonen på bautaen, og vi diskuterte korleis redningsskøyta kunne kome fram i tide, eller om den kanskje låg på havet saman med fiskeflåten. Men det vart visst brukt telegraf frå Hamningberg til Vardø.
http://nn.wikipedia.org/wiki/Redningsaksjonen_ved_Hamningberg
—–
Etter a ha fulgt med fiskerflaten på Lofotfisket våren 1894, seilte «Colin Archer» sammen med finnmarksflåten til sin første faste redningsstasjon, Vardø. Dagen etter – søndag 20. mai – raste det en orkanaktig storm med snøføyke fra nordøst. Den truet med a blåse hele fiskerflaten i Hamningberg på land, og det ble telegrafert til Vardø etter hjelp. Med sin dyktige fører Nicolai M. Anthonisen fra Nevlunghamn ved roret, gikk den lille seilskøyta ut der dampskip måtte snu, og med utrolig dyktighet reddet de 36 personer fra den visse død med sin «hvite stormfugl».
—– kopiert frå http://www.galeas.no/Colin%20Archer.html
Uveret var truleg eit såkalla polart lavtrykk, omtala som «Livsfarlig liten djevel» på yr.no
http://www.yr.no/nyheter/1.6368353
By: 4murmansk on juli 18, 2010
at 3:32 pm
Intressante opplysninger!
Mitt første møte med Hamningeberg var på begynnelsen av 2000-tallet, jeg satt med oppringsmodem i en chat som fulgte med på BigBrother, en fyr der som brukte nicket PitbullTerje la ut linker til hvordan han og familien drev og bygde oppigjen dette stedet.
Jeg klarer dessverre ikke å finne dette igjen, hverken via Google eller Kvasir ;-(
Kan hende jeg må reise opp dit og prate med folk, når kafeen er åpen?
😉
By: iggibogg on juli 20, 2010
at 10:24 pm
Kan absolutt anbefalast! 🙂
By: 4murmansk on juli 21, 2010
at 8:22 pm