Posta av: broyset | juli 5, 2010

Vi køyrer vidare – og vi skildest igjen

I dag skulle vi køyre til Kandalaksja, og ta ein tur til den vakre, gamle byen Kovda, noko lenger sør på vegen mot St Petersburg.  I morgon stod Rovaniemi på programmet.  Bente har vore plaga med migrene dei siste dagane, og i dag var det så gale at vi berre måtte returnere til Kirkenes og få ho på eit fly heim att.  Heldigvis reiste Eldrid og Asbjørn den planlagde ruta, så vi får nok vite meir om Kovda, om det eksotiske hotellet utan varmevatn i Kandalaksja, og elles om turen.  Dei er utan nett i dag, men reknar med å blogge frå Rovaniemi i morgon, tysdag.

Ved hjelp av mannen sin, Kalle, fekk Bente plass på fly frå Kirkenes til Ålesund, via Alta og Oslo.  Bodil er no på veg til Andenes, via Kammanen, Karasjok, Karesuando, Kiruna, og Bjørnefjell.  No er det overnatting på Jergul Astu, på fjellet mellom Karasjok og Kautokeino. 

Bodil har vore på Jergul før, vinteren 2003 på jobbseminar saman med administrasjonen i Helse Finnmark.  Nokre samar kom innom, og vart med i laget.  Ein av dei fortalde ei fantastisk historie om korleis han hadde køyrt med snøskuter ut i råka i denne elva i 30 graders kulde.  Sidan han alt var i råka, heldt han seg under vatn, der det var varmare enn i lufta.  Etter eit stykke, kom han til ei hytte der han visste at det var fest.  Han kom seg opp av råka, og greidde akkurat å banke på døra før han var så stivfrosen at han ikkje greidde meir.  Veit ikkje om historia er sann, men ho er god.

Bilen til Bodil har no køyrt 3812 km sidan starten på Sulesund

Advertisements

Responses

  1. Så dumt når ikkje planar kan gjennomførast, men ein skal jo være god til å nyte opplevingane.

    Eg har vore i Kovda, spesiell og fin plass, med imøtekommande folk. Var liksom ein del tilbake i tida. Har og også budd på hotell i Kandalaksha, men der eg budda var det no verken særskilt eksotisk og det var varmt vatn 🙂 Ventar i spaning på blogg frå dei som kom seg dit 🙂

  2. Så dumt at Bente måtte reise heim! Håper du får ein fin tur åleine heimover, Bodil:) Det har vore spennande å følge dokke på turen!

  3. Det var synd for Bente at hun måtte avbryte turen, men sikkert best å komme seg hjem. Leit Bodil som må avslutte solo, men det går sikkert fint. Likte historia om samen i råka. Typisk samehistorie?


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: