Posta av: 4murmansk | juli 6, 2010

Lurendreiarar i Murmansk

Når sola skin er det fint å sitje ute og kose seg. Utanfor hotellinngangen er det ein platting med ein del bord og stolar til dette bruk. Her går og står og heng ein del folk, og nokre er veldig ivrige etter å ta kontakt, blant anna ein kar som presenterte seg som Michail Gorbachev, opprinnelig frå Ukraina, men hadde bodd 20-30 år i Murmansk når han ikkje var ute til sjøs som fiskar. Han ”antasta” oss med det same vi kom inn på plattingen, og ville gjerne setje seg saman med oss og prate, som var greit nok. Han var pensjonist, kunne han fortelje, men hadde vore styrmann på ein fiskebåt, og vore mykje i Norge. Han snakka ei blanding av engelsk og litt norsk, i tillegg til russisk.

Han la ut om kor bra han hadde det før, og kor dårleg det var no når han var pensjonist, eksemplifisert med eksakt beløp på pensjonen, og deretter oppramsa alle dei faste utgiftene han måtte betale, og kor lite han så hadde å leve av, – alle beløp også omgjort til norske kroner så vi skulle forstå det, og med ganske nøyaktig omregningskurs.

Vi tvilte ikkje på at dette kunne vere korrekt, for vi har tidlegare fått nokolunde same opplysningane frå kjelder vi stolar meir på enn vi gjorde på denne karen.

Han fortalde også at pensjonen ikkje vart justert oppover på langt nær i same takt som prisstigninga, så etterkvart hadde det blitt vanskelegare å klare seg. – Og folk går ikkje ut på gatene og demonstrerer lenger, klaga han. – Sjå på landa lenger aust, – der demonstrerar dei i flokkevis og får til ting. Men her?! Ingenting. Vi har ikkje store arbeidsplassar lenger, – ikkje verft, ingen fiskefabrikk. No er det berre mange små, private bedrifter. Det er mafiaen, skjønar de, – det er mafiaen som styrer no.

Så lurte han på våre planar for ettermiddagen. Kanskje han kunne vise oss rundt i byen? Og om vi kanskje kunne spandere ein vodka på han?

Vi smålo litt og sa ok, korpå han fluksens vinka på kelneren og prata i vei på russisk, – for så å snu seg til oss og spørje: Ja, – og kva vil dokke ha?

Neeeei, – vi skulle ikkje ha noko.

Jau, visst måtte vi halde han med selskap, – det var ikkje snakk om anna.

Vi bestilte ein Fanta.

Så kom det ein finnmarking borttil bordet og helste tjomsleg på Gorbachev. Så helste han på oss, og prata vekselvis med Gorbachev og oss, – forsikra Gorbachev på engelsk om kor kjekk kar han var og kor gode bussar dei var, og til oss på norsk med advarslar om kva for ein luring vi sat til bords med. Han kom til å lure masse pengar av oss, – byrje i det små, og så ville vi plutseleg sitje der med ei stor rekning. Han sjølv derimot, var til å stole på. Han hadde bodd i Murmansk i fleire år, kjøpt seg eiga leiligheit i eit bygg bakom hotellet, – det var ei flott leiligheit med tre soverom, boblebad og heile pakka. Han brukte å leige ut soveromma, og no var han på vei bort for å sjekke at alt var i orden, for dei hadde ikkje lov til å vere meir enn ein person på kvart rom.

Han var frå Skippagurra, kunne han fortelje. Om vi visste kvar Skippagurra var? Jau, vi kunne bekrefte at vi visste kvar Skippagurra var.

Leiligheiter var billege i Russland, det visste vi vel? Det var nedgangstider her, så dei kunne kjøpast for ein slikk og ingenting, og det var gode pengar å tene, – dei gjekk  som hakka møkk. (Vi lot vere å nemne at vi synest det såg ut som der hadde vore framgang på ganske mange område sidan sist vi var i Murmansk)

Der var leiligheiter til salgs på Arktika, – om vi visste kvar Arktika låg?

Jau, vi visste det.

Arktika

Kva slags business trudde vi kunne startast  i 19. etasje på Arktika? Kanskje kunne han også kjøpe heile etasjen, eller muligens heile bygget? Det hadde vore noko, – det var billeg no, så der ville det vere gode pengar å tene. Om vi ville vere med bort og sjå?

Vi svarte at han gjerne måtte kjøpe Arktika for vår del, men sjølve var vi ikkje interesserte i leiligheiter.

Neida, neida, han var ikkje ute etter å lure oss, forsikra han. Han var til å stole på, i motsetning til han karen som sat ved bordet vårt, – han må de passe dokke for,- og det var fint å bu i Murmansk.

Vi sa ein gong til at vi ikkje var interesserte i leiligheiter.

Neinei, det var greit det. No måtte han forresten gå bort i leiligheita si og sjekke at alt stod bra til.

I mellomtida hadde Gorbachev fått vodkaen sin, som på mystisk vis var blitt til ei lita flaske med tre glas til. Vi ville ikkje ha vodka, så han skjenka i til seg sjølv. Men jammen hadde det vore godt med eit smørbrød,  – ein trong eigentleg smørbrød til vodka, det burde ikkje drikkast på tom mage. Om ikkje vi kunne spandere eit lite smørbrød på han?

Men her sa vi stopp, betalte rekninga, og gjekk.

Vart vi lurte?

Kanskje det, men vi hadde samstundes hatt ei underhaldande stund til ein billegare pris enn ein teaterbillett ville ha kosta. Det var nesten noko Charles Dickensk over opplegget, anten det no var slik at dei begge spelte solo, eller dei gjekk i tospann.

Vi kan også lett forestille oss at desse karane godt kunne sitje på ”fritida” og sende ut tonnevis med Nigeriamailar, – kven veit?

Reklame

Svar

  1. Morsomme og talentfulle typer – god underholdning! Det verste er at fyren ligner jo på Gorbatsjov til forveksling! Han har sikkert ikke vanskelig for å lure kronasjen ut av svakere sjeler enn dere…

  2. Morsomt:) Spennende å møte slike!

  3. Hahaha, så artig 😉


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: