Posta av: 4murmansk | august 14, 2010

Vi let oss friste

Nokre av oss synest det er kjekt å gå i souvenirbutikkar. I Kandalaksja leitte vi opp souvenirbutikken vi var på sist, for å sjå om dei hadde meir av julepynten vi kjøpte då.

Det hadde dei ikkje, dessverre, men dei hadde masse anna som hang på veggen bak disken.

Vi tvilar nesten på om sjølvaste Hildegunn Moltubakk har sett maken til desse gardinene her. (NB: Isbjørnen høyrer ikkje med til gardinopphenget, sjølv om det kan sjå slik ut.)

Vi let oss ikkje friste av desse, men ei lita heks med minkpels og sopelime vart med heim.

Kanskje ho til og med kan få seg ein tur på Hornelen dersom ho får haike med nokon som skal dit. Sopelimen var litt pistrete, så trur ikkje den duger åleine.

Eldrid

Posta av: 4murmansk | august 8, 2010

Meir om vegar og bilkøyring på Kola

Bodil har køyrt her nokre gonger no, og gjort seg nokre erfaringar. Men ein del ting har endra seg litt sidan sist vi køyrde i lag, for 3 år sidan. Då skreiv vi litt om vegstandarden, og at vegane vart meir og meir slitte og holete til lenger inn på Kola vi kom.

Det stemmer ikkje lenger, for det var no lagt nytt dekke frå eit stykke etter Pechenga og heilt til Murmansk. Vi som køyrde frå Murmansk til Kandalaksja fekk sjå at også her var det nytt omtrent heile vegen, – nokre få stader jobba dei med utbetring av vegen framleis.

Asbjørn var blitt advart mot dei humpete vegane, men det slapp han å oppleve,  – for det meste. Vi køyrde også på ein del grusvegar, – blant anna er der 6 km grusveg frå hovudvegen og ned til landsbyen Kovda, som vi besøkte.

Grusvegen var brei og fin for det meste. Det som var litt skummelt her, var steinar som stakk opp av grusen, ofte midt i vegen, – nokre av dei så store at dei slo oppi bilen dersom vi ikkje navigerte utanom. Så farten kunne ikkje vere stor sjølv om her var god plass til passering.

Denne vegen var likevel bra samanlikna med ei strekning med grusveg vi køyrde på vegen til finskegrensa.

Her holdt dei på å utbetre vegen, og der var 3-4 mil med nylaga grusveg. Grusen var temmeleg laus, så skiltet over var på sin plass.

Det kunne sjå ut som vegen var bygd av lass på lass med slik laus grus, som så berre var jamna ut.

Nokre få heftige regnbyger kunne lett gjere stor skade på desse lausmassane. Somme stader var der “elvefar” halvveges inn i vegbana, så vi måtte vere obs og tilpasse farten. 20 – 40 km/t var omtrent passeleg på mesteparten av denne strekninga.

Desse sprekkene kunne vere temmeleg djupe, så det var ikkje ønskeleg å dumpe uti nokon av dei. Vi reknar med at planen er å legge fast dekke på toppen, så då vil det nok bli betre. Men før det, må ein rekne seg god tid på vegen mot (eller frå) finskegrensa.

Skiltet på M18 som viser vegen mot Finland, litt sør for Kandalaksja, var forresten bytta ut sidan sist.

Salla er ikkje lenger med på skiltet før krysset, men berre Alakurtti, som er vel halvveges til finskegrensa.

Men rett etter at du har svinga av, får du bekreftelse på at du er på rett veg.

Med generelt gode vegar er det freistande å setje opp farten, og ulukker skjer. Det har vore ein del medieoppslag om ulykkesstatistikken i Russland i det siste, og langs vegane står der ein del kors og/eller blomster på stadar der det har skjedd ulukker.

Vi kunne sjå ein del tegn på at der er haldningsskapande kampanjar på gang når det gjeld trafikktryggleik. Ved kontrollposten i Titovka stod det for eksempel eit bilvrak på ein påle høgt oppe i lufta:

Her må alle stoppe for kontroll, og kan  ikkje unngå å sjå denne advarselen. På stolpen under bilvraket hang denne plakaten med tekst både på russisk og norsk:

Ut frå det siste talet kan ein konkludere at ein kan risikere å kome ut for fartskontroll, – her som andre plassar. Og då er det nok ekte saker, –  ikkje “lurepolitibil” som på biletet under.

Desse såg vi ein del av for 3 år sidan, men no var dei heilt vekk, iallfall langs hovudvegen til Murmansk, og langs M18 ned til Kandalaksja. Vi var ikkje ut på sidevegane til Lovozero eller Kirovsk denne gongen, så vi veit ikkje om nokon av dei kan stå langs desse vegane fremdeles.

Vi såg derimot ein del skilt om fotoboksar denne gongen. Det er mulig at fotoboksane var der og, men vi veit ikkje om vi såg nokon av dei.

Vi er ikkje sikre på om dingsen på bildet over kan vere ein fotoboks, eller om det er noko anna.

Vi såg også ein del “kjende og kjære” plakatar om bruk av bilbelte.

Desse stod som regel på vegen ut frå byane.

Her er ein plakat som tydelegvis informerer om bruk av bilbelte for gravide.

Elles la vi merke til at der var forskjellige sortar skilt som varsla om fotgjengarar.

Her er eit frå landevegen som viser ein person som ikkje har det spesielt travelt.

Inne i Murmansk derimot, er det fleire personar som skal krysse gata, og det ser ut som dei må skunde skikkelig på for å kome over i tide. I verkelegheita gjekk det oftast greit å kome over med vanleg gangfart.

Vi la merke til at dei har ein del kjekke skilt som vi ikkje er vant med å sjå her heime.

Slik som her i landet, er der skilt med namn på byane du kjem til. Men i tillegg er der skilt som viser kva for by du nettopp har køyrt ut av. Veldig hendig i tilfelle du ikkje la merke til namnet første gongen. Her er vi på veg ut av byen Sputnik. Meinar å hugse at vi hadde liknande skilt her i landet og, for mange år sidan.

I tillegg var alle bruer som vi kryssa skilta med namnet på elva. Det kunne vore artig å ha her heime og. Men her har vi i staden skilt med namn på alle tunnellar, så kanskje vegvesenet (eller kva dei no heiter) har nok å gjere med det. Vi såg forresten ikkje ein einaste tunnell verken i Sverige, Finland, eller på Kola, så vi veit ikkje om dei skiltar tunnellar der, – dersom dei då finst i det heile.

Ein annan type skilt som var veldig hendig, var desse små skilta som viste kilometertalet sidan starten på vegen. Biletet over er frå vegen til finskegrensa. Den starta i krysset på M18, og for kvar kilometer innover var der eit slikt skilt med tal. Her har vi køyrt 45 kilometer frå vi tok av frå M18.

Asbjørn likte desse veldig godt. Når der ikkje var særleg anna enn skog og myrar å sjå, kunne han i staden underhalde seg med å følge med på desse skilta og samanlikne med kilometerteljaren på bilen. Etter nokre mil hadde han så rekna ut at kilometerteljaren vår talde ca 2% meir enn desse skilta viste, og vi lurte på om vi kanskje kunne ha litt lite luft i dekka. Då vi kom til Finland, var det slutt på denne “skiltluksusen”, men i staden var der skilt med 10 km mellomrom som viste avstanden til næraste byane. Desse stemde nøyaktig med kilometerteljaren vår (og vi hadde  ikkje fyllt på luft i dekka eller endra vekta på bilen), – og det gjorde det også i Sverige og Norge, så då byrja vi å lure på om kilometerane i Russland er 2% lenger enn andre stader. Vi har ikkje funne noko svar på det, men spørsmålet har ein del interessante implikasjonar. Forutsett at kvar nasjon har målt sitt eige land, er då muligens Russland 2% større enn vi trur? Kanskje dei synest det er greit å ha litt areal i bakhand som vi andre ikkje veit om? Det kan jo f.eks.vere taktisk lurt at Napoleon og andre må marsjere 2% lenger enn dei har tenkt i utgangspunktet, – det kan til og med bli fatalt for dei som marsjerer.

Eller det kan også vere “våre” kilometrar som er 2% for korte. Så kanskje har dei skandinaviske landa behov for å verke større enn dei er?

Som sagt, vi veit ikkje, men det er mangt ein kan byrje å filosofere over når ein er på tur langt inn i granskogen.

Napoleon trong ikkje bensin, men det gjorde vi, og det var ikkje så vanskeleg å få tak i.

Det byrjar å bli ganske tett med Statoil-stasjonar på Kola, og her kan det fyllast bensin på “normal” måte, – dvs. fylle først og betale etterpå. (Dei har dessutan akseptable do). På nokre bensinstasjonar må ein mulignes rekne med å gjere det på måten som er beskrive her: gjette kor mange liter du treng, betale først, og så fylle.

Eit råd vi har fått er å bruke bensinstasjonar med “kjende” merkenamn for å unngå å få dårleg bensin (for mykje bly).

Bildet over er frå Statoilstasjonen i Murmansk. Det mangla ikkje hundar her heller:

Denne var ikkje interessert i kundane i det heile, men leitte tydelegvis etter noko å ete.

Elles var politiet og militære meir synleg i trafikkbildet enn vi er vande med. Når dei stengde bakken ned frå hotellet på grunn av gravearbeid, var det ikkje nok med berre eit skilt.

Her stod i tillegg både ein politibil og ein politikonstabel og sperra vegen.

Vi var også gjennom ganske mange militære kontrollpostar på veg inn og ut av Kola.

På nokre stadar stod dei med geværa klare medan vi snegla forbi i 20 km/t. Somme stader vart vi stoppa, og dei ville som regel sjå etter at vi ikkje hadde noko ulovleg i bagasjerommet. På kontrollpostane nærast grensa var det lurt å ha pass og andre papir klare til å vise fram.

Tollskjema for bil har vi skrive om tidlegare, og det same skjemaet må fyllast ut på nytt når vi skal ut av Russland, berre at det må kryssast på litt andre plassar sidan vi no skal ut og ikkje inn. Tollbetjenten på finskegrensa var atskilleg meir hjelpsam enn på Storskog, så det gjekk ganske raskt her. Men i passkontrollen fekk vi spørsmål om kva vi hadde gjort i Kandalaksja. Vi sa som sant var: overnatta, og besøkt Kovda, som vi så skrytte litt av.

Vi slapp gjennom.

Posta av: 4murmansk | juli 24, 2010

Fest og feiring i forbifarten

Den store statuen på haugen ovanfor Murmansk, Alyosha, må nesten alle besøke når dei først er i Murmansk. Vi la med vilje besøket vårt til laurdagen, for den dagen er det flest bryllup i byen.

Det er skikken at brudepara kjem hit opp og legg ein blomsterbukett ved den “evige” flammen som brenn framfor statua.

Vi vart litt i seinaste laget, – klokka var omlag 5 om ettermiddagen før vi var oppe, og der var ganske folketomt, så vi tenkte at brudepara gjerne var ferdige for dagen. Men etter ei stund kom det likevel ein bil køyrande inn på plassen. Det er kun bilar med brudepar som har lov å køyre inn her, – alle andre må parkere på parkeringsplassen utanfor.

Det er lett å sjå kva som er bryllaupsbilar, for dei er veldig fint pynta. Nokre har også “pynta”  bilskilta.

Det vart brått folksamt på plassen med brudepar, forlovarar, gjestar og fotografar.

Så var det posering og fotografering etter alle kunstens reglar….

.. og frå alle mulige vinklar.

Etter ei stund kom det faktisk endå eit brudefølge.

Ny runde med fotografering, – her framfor minnesteinane over det som blir kalla heltebyane, – byar som gjorde ein spesiell innsats under andre verdskrigen.

Så blir det lagt ned blomster.

På fredagskvelden var det også bryllaupsfeiring i spisesalen på hotellet, og både taler og musikk gjekk for fullt på høgtalaranlegget. Vi fekk servering i eit rom ved sida av, og sjølv om vi kunne høyre alt, forstod vi sjølvsagt ikkje noko av det som vart sagt og sunge, – bortsett frå dei songane som var på engelsk.

Ballongar ser ut til å vere populært som festpynt. Denne dekorasjonen hang framleis i spisesalen morgonen etter:

Ballongar var det og masse av på Kunst- og Handversssenteret då vi besøkte det på fredagen, Det var ikkje patchwork-damene som hadde pynta, sjølv om vi kunne lure på det eit sekund eller to med det same vi kom inn. Det viste seg at der vart halde ein fest, eller markering, for sjøfolk i same bygget, – om det var militære eller sivile sjøfolk fekk vi ikkje heilt klart, men dei var iallfall i gang med å dekke eit flott bord då vi gjekk forbi i foajeen:

Og der var ballongpynt heilt frå inngangsdøra, gjennom gangen nede og opp trappene på begge sider.


Vi knipsa nokre bilde på veg inn, for vi rekna med at iallfall maten ville vere vekk når vi kom ut att. Vi kosa oss inne på rommet hos patchworkdamene i over to timar, og då vi gjekk forbi på vegen ut att, stod framleis både mat og drikke på borda, urørt:

Så vi knipsa litt meir.

Vi var imponert over pådekninga, – på bordet var det ikkje mykje ekstra dekor, – tvert om var det sjølve maten, – og drikken, – som var dekoren. Og sidan glas og alt stod så stramt på geledd, kan vi kanskje konkludere med at dette muligens var militære likevel (?)

Serviettane var det som vanleg gjort litt utav. Denne oppstillinga hadde vi ikkje sett før.

Der såg ut til å vere mykje god mat….

… og drikke.

Vi såg ikkje så mykje til festlyden, men håpar dei slapp å vente altfor lenge på desse godsakene.

Sjå ogå om Alyosha i forrige bloggen vår:

http://4murmansk.wordpress.com/minnesmerke/

Posta av: 4murmansk | juli 20, 2010

Gamle tomter med litt nytt

Dette innlegget blir nok ein liten mimretur for dei som var med på tur i 2007, for vi oppsøkte nokre av dei same stadane denne gongen og.

Hotellet vi bodde på i Murmansk, Poliarnie Zori, har bytta kjede til Park Inn sidan sist vi var der. Det meste var som før, men der var også forbetringar, spesielt i matveien. Berre så det er sagt: vi overnatta på mange forskjellige hotell/motell i løpet av turen, og totalt sett var dette eit av dei beste.

Frukostoppdekninga vart berre slått av Hotell Bergstaden på Røros. Her er bilete frå første frukosten, – då var oppdekninga i ubåt-baren nede fordi spisesalen var oppteken, men vi fekk det same oppe i spisesalen dei andre dagane.

I tillegg til forskjellig brød med masse forskjellige varme og kalde pålegg, hadde dei og framleis dei nydelege pannekakene.

Litt spesielt lys i denne baren, det er vel meininga det skal likne på ein ubåt.

Kan hende dei har merka at tedrikkarane ikkje har vore heilt fornøgde tidlegare, for no vart tevatnet tappa frå ein samovar, og det var kokande varmt.

Spisesalen er pussa opp i nye fargar, og nye møblar.  Sjå på innlegget om mat i forrige bloggen for å samanlikne. Likar eigentleg best dei gamle blåfargane, men desse var muligens lysare. Ikkje så lett å avgjere, for gardinene dekka mesteparten av vindauga, så det var litt dunkelt inne sjølv tidleg på dag.

Dei fleste kveldane åt vi middag på hotellet, og maten var kjempegod.

Vi falt spesielt for den grilla kveita, – den vart ein favoritt, saman med ein nydeleg krydra kyllingrett. Vi er glade vi prøvde den, sjølv om vi eigentleg hadde lova oss sjølve at vi ikkje skulle ha verken kylling eller snitsel.

Dei brukte framleis den same måten å setje opp serviettane.

Før vi kom så langt som til Murmansk, var vi også innom kafeen i Nikel, men der vart ikkje teke bilde. Det var litt fullt i kafeen då vi kom, så vi vart viste inn i baren.  Vi venta ei god stund, men fekk ikkje verken meny eller anna merksemd, så vi gjekk derifrå og køyrde vidare til Zapoliarny og Titovka. Dessutan var det også ganske skarp svovellukt i Nikel denne dagen, så det var litt ubehagelig å puste der, og røyken inne i kafeen gjorde det ikkje betre.

Vi måtte sjølvsagt stoppe i Titovka. Kafeen her har no eiga fangruppe på Facebook med 252 medlemar i skrivande stund.

Kafeen har ommøblert sidan sist, – veggen mellom dei to romma er teken vekk, så det var mykje opnare og lysare. Dessutan var der nesten ikkje mygg denne gongen.

Dei har nydelege brød/bollar med forskjellig fyll både med kjøt, fisk og kål. DiplomIs-skiltet ute er vekk, men dei har det framleis på fryseboksen.

Sjølvsagt måtte vi også bruke den berømte doen. Prisen har gått opp til 15 rublar, og dei vekslar ikkje 1000-rubelsedlar, så vi måtte først i kafeen og få litt småpengar. Ho som sat i luka såg ut som ho kjeda seg, – trur eg ville iallfall hatt med eit strikk eller eit heklearbeid på ein slik jobb, – og kanskje også ei lydbok eller musikk på øyret.

Tone spurde om vi var på kafe Leto, og sjølvsagt var vi det. Kvar dag. Fleire gongar for dag.

Kafeen ligg så hendig til midt på hovudgata Lenin Prospekt, så det er praktisk å gå dit når ein treng ein pause, eller litt mat, eller begge deler.

Dei som ikkje hadde vore der før, var også nysgjerrige på doen med fuglesang, – og alle fekk høyre gauken. (Sjå video litt nede på denne sida.)

Dei hadde ikkje krabbe i terteskjell på menyen lenger, dessverre, – det hadde vi eigentleg gleda oss til. Men der var mykje anna godt.

Den irrgrønne eplejuicen gjekk det framleis an å få.

… og ein nydeleg drikk med masse is og valgfri frukt, – hugsar ikkje namnet….

Vi bestemte oss for å bestille noko vi aldri hadde smakt før: kaninkjøt. Det var kjempegodt, – iallfall slik det var tillaga her, så det vart ein ny favoritt.

Rekesalaten var også kjemegod, og absolutt alt er lekkert tillaga.

Kafe Leto er også ein grei plass å avtale møte. Her er Bodil på telefonen med Oleg, som skulle kome og køyre oss til Alyosha-statua.

Her er Tatjana og Bente klare for lunsj, –  nettopp komne inn etter å ha tråla pelsbutikkar.

Tv-en på veggen sende som vanleg nonstop moteshow med vrikkemodellar, og vi la merke til at ein del av kundane også var litt i same stilen. Vi olabukse-turistane skilte oss litt ut i så måte.

Rett ned bakken frå hotellet er der eit nytt handlesenter, -det er folk frå Moskva som har kjøpt og pussa opp huset, kunne Tatjana fortelje. Så no har dei fått handlesenter med både heis og do.

Der var også ein liten kafe som vi prøvde såvidt medan vi venta på at dei andre skulle gjere seg ferdige i butikkane.

Det var ein kjekk, liten kafe, – lys og luftig. Maten var ferdig i disk, og det var “sjølvbetjening”, – ingen servitørar, så det gjekk fort å få det ein ville ha. Vi kjøpte bere litt drikke her, sidan vi hadde gløymt att vassflaska på hotellet, men ein annan gong skal vi nok ha ein kaffikopp her.

Som før nemnt, åt vi dei fleste middagane på hotellet, men laurdagskvelden gjekk vi på Meridian. Såg kanskje ikkje fram til ein heil kveld på dei harde stolane, men kva gjer ein ikkje for eit godt måltid mat.

Vi vart litt overraska over å kome inn i ein restaurant som såg slik ut:

Her har det vore totalt stilskifte sidan sist.

Men der var mykje spennande på menyen no og.

Både Tatjana og Irina var med oss denne kvelden og, – så det vart både god mat og godt selskap. Vi vart sitjande omtrent til midnatt og merka ikkje at tida gjekk, for både stolar og sofaer var behagelege å sitje i.

Maten var nydeleg. Vi hadde planlagt å smake tiramisuen som Johanne fekk då ho var her, men den var ikkje på menyen lenger. I staden vart det blant anna kjempegod strudel og banandessert.

Vi var litt overraska over at der var så lite folk i restauranten på ein laurdagskveld. Asbjørn vart send avgarde tidleg på dag for å bestille bord til oss, men det hadde sikkert ikkje vore nødvendig, for der var kun eit bord i tillegg til vårt der var folk på. Elles var lokalet tomt.

Til slutt kan vi nemne at vi også besøkte kafeen i Kandalaksja, – den med det høge trappetrinnet på toppen.

Her såg det omtrent likedan ut som sist vi var her, bortsett frå ikonet over døra til kjøkenet, – det var vekk.

Her fekk vi endeleg bruk for ordboka som vi hadde kjøpt før turen starta, og som hadde lege i veska heile tida.

Men det var einaste måten å få formidle at vi ville ha is til kaffien, – og det fekk vi. Vi naut begge deler medan vi såg nokre minutt med russisk rettssal-drama på tv-en som hang på veggen her og.

Ingen jordskjelv i Tokyo denne gongen.

Den andre kafeen vi prøvde i Kandalaksja har vi skrive litt om tidlegare.

Lekre skeier (og plastbrikker) hadde dei på denne sida av gata og.

Restaurant Martina i Rovaniemi fekk vi ikkje med oss, for vi hadde hotell på andre sida av hovudvegen, og den er ikkje lett å krysse, eller kome ut av og inn i byen. Vi tulla masse før vi kom oss på rette sida, og enda opp med å måtte køyre gjennom parkeringshuset til handlesenteret, som er bygd midt over hovudvegen, før vi kom dit vi skulle. Og då gadd vi ikkje å køyre ut og rote meir, men valde ein nokså kjedeleg buffet på hotellet i staden.

Dette var visst mest om kafear og mat, så vi lyt kome tilbake med ny post om andre ting vi såg.

Posta av: 4murmansk | juli 16, 2010

Hamningberg

Det vart mykje køyring i løpet av turen, og bortsett frå 4 netter på same hotellet i Murmansk, var det nye etappar og nye opplevingar kvar dag. Tida vi hadde til å blogge var som regel mellom middag/kvelds og sengetid, – som kunne bli ganske seint somme kveldar.

Det har samla seg mange inntrykk som vi ikkje har fått gjort noko med underveis, så vi får legge til ein del no i ettertid. Det blir nok ikkje heilt kronologisk, men litt hopping fram og tilbake får vi tole.

Sidan vi nyleg samanlikna byen Kovda med Hamningberg, kan det kanskje passe å ta ein titt på denne bygda først. Under er eit kart over Varangerhalvøya, slik at de er klar over kvar det er, sånn nokolunde iallfall (raudt kryss i havet utanfor).

Vi køyrde ut hit den siste dagen vi var i Finnmark, etter at vi hadde overnatta i Vardø. Det er ca 3,5 mil på nokså smal, men asfaltert veg. Vegen går for det meste langs sjøen, – det vil då seie inn i vikar og ut på nes, i  mange omgangar.

Landskapet er veldig spesielt. No er ikkje vi geologar eller noko slikt, så vi kan nok ikkje beskrive det med korrekt terminologi, men det ser ut som lagdelt berg (skifer?) som står på høgkant, – noko er forvitra, men harde delar står att som taggar på rad og rekke i landskapet.

Somme plassar er der høge søyler, – som store bautasteinar.

Innimellom er der vikar med flotte sandstrender, der dønningane frå Barentshavet rullar innover.

Oppe i dalsidene i nokre av desse vikane er der store vollar med rullestein, – etasje på etasje nedover mot sjøen.

Der er utruleg masse stein.

Vidde på vidde med stein.

Det er likevel ikkje heilt øde langs vegen, – vi såg mange hytter innimellom knausane, og inne i nokre av vikane, – både nye og av eldre dato.

Etter å ha køyrt ei god stund gjennom dette landskapet kunne vi omsider sjå Hamningberg i det fjerne.

Bygda vart fråflytta på 60-talet. Då tapte innbyggjarane kampen for å få ei skikkeleg hamn slik at det kunne vere muleg å drive fiske og fiskemottak.

Hamningberg vart ikkje brent ned då tyskarane drog seg tilbake i Finnmark på slutten av krigen. Her er difor bygningar både av eldre og relativt nyare dato, og det fins også spor etter busetnad heilt tilbake til yngre steinalder.

Dei lange tømmerhusa er rorbuer som russarane bygde  på 1800-talet. Desse husa er no freda.

Russetømmer som dreiv i land vart også brukt til å byggje hus av.

Hus blir no reparerte og pussa opp.

Vi høyrde heile tida lyden av hammarslag medan vi gjekk rundt og såg oss om.

Nokre hus var veldig fint oppattspøta…..

… men på andre var hengelåsen framleis fastrusta.

Det blir drive utleige av rorbuer og rom om sommaren. Der er også ein kafe og butikk som er åpen i sesongen. Sesongen startar 1. juli, – dagen etter at vi var der.

Så det vart ingen vafler på oss.

“End of Europe – Hamningberg”, står det på skiltet på veggen.

Kyrkja var også under oppussing. Lektene var på plass på taket, og skiferhellene låg klare på toppen av stillaset.

Vi køyrde heilt ut på ytste neset. Steinmuren er sikkert meint å beskytte vegen mot storbårene.

Bente ser etter kjende og ukjende blomster.

På veg innatt tok vi av i krysset og køyrde over det lave eidet over til andre sida av neset.

Her låg gravplassen.

Liksom minnelunden i Kovda var her nymåla gjerde og fint stelt.

Her slutta også vegen, rett bakom bakketoppen lengst vekk. Vi ser over Syltefjorden og vestover Varangerhalvøya. Hadde vegen gått vidare, ville dette blitt den neste inn-og-ut-turen.

Og kva anna enn dette kan ein vente å finne parkert like ved snuplassen på enden av Europa?

Vi skjønar forresten godt at folk vil reise hit, både dei som bodde her før, og turistar som oss og desse, – spesielt på ein fineversdag som vi hadde. Storm og styggever kan sikkert også vere eit imponerande skue her ute, men vegen er muligens vanskeleg å halde open vinterstid.

Før greidde dei seg utan veg, men i våre dagar er det ganske utenkeleg.

Reinsdyra som beitar her greier seg framleis godt utan.

På vegen ut att stogga vi og fotograferte denne minnesteinen over ein redningsdåd utført av RS Colin Archer i 1894. Steinen var reist 100 år etter.

Ein tur til Hamningberg kan absolutt anbefalast om du er i dette området. Men pass på å reise etter 1. juli viss du vil ha vaflar.

Posta av: 4murmansk | juli 15, 2010

Heime att

Så vart det brått ein lang pause her. Det betyr at vi er komne heim, og fekk mange andre ting å styre med, i tillegg til å rydde på plass og vaske kle og slikt.

Det vart mykje køyring, og spesielt lange etappar på slutten, så då rakk vi ikkje å sortere og skrive så mykje. Kilometerteljaren på Eldrid sin bil stoppa på 5823 km då vi parkerte i garasjen heime. Bodil køyrde 6186 km til saman med sin bil.

Har omsider fått overført alle bilda til heimecomputeren, og ser at her er mykje som skulle ha vore formidla. Her er iallfall eit par-tre emne vi har planar om å skrive litt meir om, – og så får vi sjå etter kvart.

Posta av: 4murmansk | juli 8, 2010

Kovda, – eit russisk Hamningberg

Dagen før vi reiste inn i Russland køyrde vi ein tur ut til Hamningberg, eit nedlagt fiskevær ut forbi Vardø. Der var ein del gamle, fine hus, – nokre var til nedfalls og nokre var blitt reparerte, eller var under oppussing. Om sommaren er der stor aktivitet.

På heimvegen frå Murmansk stoppa vi ei natt i Kandalaksja, og fekk høve til å køyre ein tur og sjå på Kovda, som ligg ca 8 mil sør for Kandalaksja langs M-18 mot St.Petersburg.

Det er også ein nesten fråflytta landsby,  – men om sommaren er der folk, og ein del hus er blitt pussa opp, eller er i ferd med å bli det.

Byen ligg på andre sida av eit smalt sund. Der er bru over, men den er ikkje køyrande for vanlege bilar. Ein jeep eller SUV kan nok ta seg over.

Vi parkerte bilen på snuplassen før brua, og spaserte over til landsbyen.

Her var berre gamle tømmerhus å sjå, – mange til nedfalls, men det såg ut til at det vart arbeidd med oppussing og reparajonar på nokre av dei. Her er eit nytt, eller nymalt, gjerde.

Dette huset har stillas på framsida, så her blir det tydelevis jobba.

Eit lite stykke oppe i bakken kunne vi sjå kyrkja.

Til høgre for vegen låg det fleire hus. Det raude taket i bakgrunnen såg nytt ut.

Eit tun som såg litt skrøpeleg ut.

Vi høyrde rop og latter frå nokre born som leika i fjøra.

Lke ved vegen låg ein lekter fortøygd. Han var lasta med nye vindauge, og ei pappkasse med løk som hadde fått stå og vekse.

Ved vegkanten stod også pallar med mjølkespann.

Husa hadde elektrisitet tilkobla.

Vi såg også eit som hadde parabolantenne.

Nokre hus hadde fine utskjeringar på borda.

Her har det også blitt måla og stelt.

På denne linken er eit bilde frå ein annan blogg, teke i 2007, som viser kyrkja under oppussing. På biletet over kan vi sjå at mykje er gjort sidan då. Kyrkja manglar framleis vindauge, så vi trur at vindauga på lekteren skal vere til kyrkja.

Material frå oppussingsarbeidet låg framleis på marka rundt kyrkja.

Klokketårnet hadde og bordar med fine utskjeringar.

Litt lenger oppe i bakken bak kyrkja var ein minnelund. Der var alt nymåla og fint.

Vi vil anbefale å gå opp på  haugen bak kyrkja. På toppen står eit trekors.

Derifrå ser ein utover Kvitsjøen, og har god utsikt til ein del av landsbyen som ligg lenger innover bak haugen.

Der er mange slags fasongar på desse husa.

Ein kan også sjå ein del av byen som ligg på eit nes på andre sida av sundet der vi kom ifrå. Denne delen var ikkje synleg frå vegen der vi kom køyrande.

På veg tilbake over brua møtte vi denne jenta som var ute og sykla med katten sin. Vi greidde å bli einige om at ho var russisk, og vi var norske. Så fekk vi vite at sykkel heiter velociped på  russisk, og katt heiter kosjka.

Då vi sette oss i bilen att for å køyre dei 8 mila tilbake til Kandalaksja, var skodda i ferd med å kome inn frå Kvitsjøen. Her fekk vi fekk eit siste glimt av byen før vi var inne i skogen att.

Posta av: broyset | juli 8, 2010

Menneskerettsaktivistane på Kola

har det betre no enn for to år sidan.  Då var dei trakasserte og truga av FSB, det hemmelege politiet.  Særleg aktivistane som arbeidde for russisk sameparlament var utsette.  Prostituerte, og organisasjonane som arbeidde for å betre kåra deira, var og utsette for overgrep frå politiet.

Irina Paykacheva, som har samarbeidd med Bodil og Amnestyguppa i Hammerfest, er både organisator og aktivist.  Ho er leiar for Kolas kvinnelege juristar, ein organisasjon som driv med fri rettshjelp.  Ho sit i fengselskommisjonen i Murmansk, og er aktiv i Memorial og Soldatmødrene.  Fredag 2. juli var ein fin dag for ho:  då var ho invitert til stiftingsmøte i Ungdom for humanisme på Kola.  Fleire politiske ungdomsorganisasjonar og frivillege organisasjonar var med på dette stiftingsmøtet.  Bodil gledde seg mest over at ein ungdomsorganisjon for lesbiske og homofile var med – dette er grupper som er svært utsette i Russland.

På spørsmål om korfor FSB ikkje lenger driv så hard trakassering av menneskerettsaktivistar, fortalde Irina at fleire organisasjonar hadde gått saman og invitert FSB til to rundebordskonferansar.  Der hadde dei hatt dialog, der ho meinte dei hadde fått aksept for at dei dreiv lovleg arbeid, og at forfølging,truslar og trakassering dermed både er ulovleg og unødvendig.  Når organisasjonane demonstrerer, ønskjer dei fredelege demonstrasjonar, og vil unngå konfrontasjonar med andre grupper.  I tillegg er det ein modig dommar i sentrum av Murmansk, der dei fleste konfrontasjonar går føre seg, som har ikkje har dømt i favør av politi/FSB. Den nystarta ungdomsorganisasjonen har også valt ikkje-valdeleg strategi.

Vi var glade for desse nyheitene. Sidan Putin kom til makta, har situasjonen vorte gradvis verrre for menneskerettsaktivistar og ytringsfridom i Russland.  Lovene om frivillige organisasjonar som kom i 2006, var så strenge at mange organisasjonar måtte legge seg ned.  Dei makta ikkje den planlegging, registrering og rapportering det vart krav om.  I 2008 fortalde Irina at trakasseringa av menneskerettsaktivistar var slik at folk torde ikkje vere med i menneskerettsarbeid.  Ho meiner at dialog med styresmaktene har vore god strategi, som har gjort at forholda i Murmansk er betre enn andre stader i Russland.  Ho er no også invitert til eir samarbeid med Helsingforskomiteen har med menneskerettsorganisasjonar i Russland, og gledde seg veldig over det.

Posta av: broyset | juli 7, 2010

Malcolm frå Andenes

Bodil har vore på Andenes og besøkt Malcolm, som ho er fadder for.  Andenes og Andøya er sterk kandidat til å vere den vakraste plassen som finst, med kvite sandstrender (som det sjeldan er temperatur til å bade frå) og vakker utsikt mot skjergard, Senja, og andre øyar i Vesterålen.

Bodil bodde hos eksmannen, Alassane, og Malcolm var der også.  Det vart og eit besøk hos mora, Mona

Malcolm var litt sjenert med det same, men det gav seg då han tok Bodil med på tur og viste ho skulen sin, klasserommet sitt, og barnehagen han har gått i.  Han likar godt å gå på skule, og lengtar ikkje tilbake til barnehagen, sjølv om der også var veldig kjekt.  Han likar også godt å bo på Andenes.  Det er fint å besøke Tromsø, for der er det mange kjekke tanter og onklar, og kjekke born å leike med.  Harstad er og ein favoritt, fordi dei har det store Grottebadet der.  Etter at Malcolm vart seks år, kan han køyre den stor sklia der heilt åleine.  Det er fordi han er flink til å symje.

Vi måtte heim til mor, slik at Malcolm fekk vise Bodil kor flink han er til å hoppe på trampolina.  Ho var våt av regn, så han fekk ikkje til dei luftige hoppa han vanlegvis har.  Han har mange kameratar i byggefeltet der mora bor, og dei leikar mykje saman ute.  Fotballtrening, symjing og sykling driva han også med.  Han har scora eitt mål som vara så fint at alle klappa.

Han har nok fått sin del av sjarmen,  dei kjappe replikkane og humoren frå faren.  Mora er og velsigna med slike egenskapar.  I tillegg til å vere passe frekk, er Malcolm også snill, og deler gjerne ut klemmar når han først har blitt trygg.  Vi gler oss til han kjem til Øyehol brygge og skal fiske frå verandaen til Bodil neste sommar

Posta av: 4murmansk | juli 6, 2010

Hotellet i Kandalaksja

Vi har forstått det slik at der er ei viss nyfikne når det gjeld hotellet i Kandalaksja, – spesielt dei som ikkje fekk oppleve det, og som fekk ein noko tvilsam beskrivelse av standarden før vi forlet Murmansk.

Vi kan berolige alle med at vi overlevde den natta og, – og sov til og med godt.

Vi visste ikkje heilt kvar hotellet låg, så var førebudde på å leite litt. Etter eit par forsøk, kom vi inn til sentrum av Kandalaksja, og køyrde inn på ein litt stor plass for å parkere. Då såg vi plutseleg hotellet rett til høgre for oss, – det var berre å køyre rett over gata og inn på parkeringsplassen framfor hotellet.

Er du i tvil om kvar det er, sjå etter den store åpne plassen i sentrum der det står utstilt ein tanks på ein skrå betongsokkel. Slik er utsikta frå 4. etasje:

Utdøra er kledd med svart skinn på innsida, og der er eit sett med dører til, som også er kledde med svart, så det er nokså mørkt med det same du opnar ytterdøra, spesielt når du sjølv står i døropningen og sperrar for lyset.

Resepsjonen er blåmåla, med eit interessant mønster på veggane.

Bildet er teke eit stykke inne i rommet. Resepsjonsdisken er bak søyla litt til venstre i bildet, i framgrunnen er eit biljardbord.  I glaskarmen til venstre, bak blondegardina, låg ein stor brannete katt då vi kom inn. Han hoppa bedageleg ned og forsvant inn døra til høgre for disken, der vi trur kanskje frukosten vart servert. På hylla bak resepsjonen stod ein del plakettar og slikt, og blant anna også ei bordfane frå det svenske arbeiderpartiet.

I kroken til høgre for resepsjonsdisken var ei sitjegruppe. Då vi kom inn att litt seint etter turen til Kovda, sat ei av dei tilsette i sofaen her med eit strykebrett framfor seg og strauk dukar eller noko liknande. Det såg litt heimekoselig ut.

Sidan vi fekk rom i 4. etasje, var vi veldig glade for at der var heis.

Dørene var litt vel raske å smelle att, så det var nødvendig å halde litt på dei når vi skulle meir enn ein person inn i heisen.

Der var faktisk plass til tre personar når vi ikkje hadde bagasje, – det er mulig vi også kunne ha pressa in ein fjerde med litt omtenksom stuing.

Det viste seg at vi hadde fått ein suite med både stove, soverom, bad og ein liten gang.

I stova var der både sofa….

… salongbord og to lenestolar, i tillegg til tv og ein stor skjenk med koppar og glas ved sida av sofaen.

I soverommet innanfor var der, ikkje heilt uventa, to sengar.

I tillegg var der garderobeskap, og endå ein skjenk. Der var også dør inn til badet, som i tillegg også hadde dør frå gangen.

Sengekleda hadde livlege og varierte mønster og var i strykefri kvalitet. Asbjørn lurte på om senga kunne vere litt kort, men han fekk faktisk plass akkurat.

Vi var blitt forespeila at der kanskje ikkje var varmt vatn på hotellet, så vi vart positivt overraska over badet. Der hang ein varmtvasstank på minst 30, kanskje så mykje som 50 liter, som vi kunne bruke av heilt åleine. Rikeleg nok til oss.

I den vesle gangen utanfor var der eit kjøleskap som vi kunne plugge i om vi hadde bruk for det, samt ei ganske stor bagasjehylle.

Personalet var veldig hjelpsomme, sjølv om vi ikkje forstod så mykje av kvarandre sitt språk. Mykje kan seiast med teikn og fakter.

Dama i resepsjonen forstod ordet “kafe”, og peika bort i motsett hjørne av der respesjonsdisken stod. Der var eit rom med ein liten kafe som såg ut til å vere driven separat frå hotellet. Vi gjekk inn og såg litt i disken og prøvde å bestemme oss for kva vi ville ha. Resepsjonsdama kom så inn og kommanderte dei som jobba der til å ause opp ei skål med suppe for å vise oss. Suppa såg god ut den, så vi nikka og gjorde teikn til at vi ville ha to. Så valde vi eit par innbakte bollar/brød, og kjøpte ein kartong juice, og sette oss så ved eit bord.

Det var fleire kundar i kafeen, så det vart litt venting. Etter ei lita stund kom resepsjonsdama inn att, såg at vi venta, og snakka så til kafepersonalet. Vi skjøna ikkje orda som vart sagt, men trur at ho ville ha dei til å servere oss før dei russiske kundane (vi syntest vi høyrde orda russisk og norsk inni det som vart sagt), – eller iallfall skunde på dei. Dei andre kundane var ikkje einige i det, – for dei hadde bestilt før oss, og det vart det ikkje gjort om på, heldigvis.

Vi fekk både suppe og brød, og det var godt.

Det tok ikkje lenger tid enn det ville tatt i ein vanleg restaurant, endå desse hadde mykje mindre plass å omrøme seg på.

Bak disken var der ca 1 eller 1,5 kvadratmeter bak eit forheng der dei kokte, og tilsvarande areal på andre enden, der det vart vaska opp. Heilt utruleg å kunne drive ein kafe med så liten plass.

Og dei hadde lekre skeier.

Det største minuset med hotellet var lukta. Det lukta ganske sterkt disel, eller gass, eller noko liknande, med det same vi kom inn i resepsjonen, – det var litt som å stå utanfor døra til maskinrommet på ei ferje. Heldigvis var lukta ikkje så påtrengande oppe i etasjane, og ganske fråverande inne på rommet.

Det høyrer med til historia at resepsjonsdama kom springande ut i bilen til oss då vi var klare til å køyre. I handa hadde ho brillene som Asbjørn hadde gløymt att på nattbordet. Her var det service heile vegen.

Older Posts »

kategoriar