Dette innlegget blir nok ein liten mimretur for dei som var med på tur i 2007, for vi oppsøkte nokre av dei same stadane denne gongen og.
Hotellet vi bodde på i Murmansk, Poliarnie Zori, har bytta kjede til Park Inn sidan sist vi var der. Det meste var som før, men der var også forbetringar, spesielt i matveien. Berre så det er sagt: vi overnatta på mange forskjellige hotell/motell i løpet av turen, og totalt sett var dette eit av dei beste.
Frukostoppdekninga vart berre slått av Hotell Bergstaden på Røros. Her er bilete frå første frukosten, – då var oppdekninga i ubåt-baren nede fordi spisesalen var oppteken, men vi fekk det same oppe i spisesalen dei andre dagane.
I tillegg til forskjellig brød med masse forskjellige varme og kalde pålegg, hadde dei og framleis dei nydelege pannekakene.
Litt spesielt lys i denne baren, det er vel meininga det skal likne på ein ubåt.
Kan hende dei har merka at tedrikkarane ikkje har vore heilt fornøgde tidlegare, for no vart tevatnet tappa frå ein samovar, og det var kokande varmt.
Spisesalen er pussa opp i nye fargar, og nye møblar. Sjå på innlegget om mat i forrige bloggen for å samanlikne. Likar eigentleg best dei gamle blåfargane, men desse var muligens lysare. Ikkje så lett å avgjere, for gardinene dekka mesteparten av vindauga, så det var litt dunkelt inne sjølv tidleg på dag.
Dei fleste kveldane åt vi middag på hotellet, og maten var kjempegod.
Vi falt spesielt for den grilla kveita, – den vart ein favoritt, saman med ein nydeleg krydra kyllingrett. Vi er glade vi prøvde den, sjølv om vi eigentleg hadde lova oss sjølve at vi ikkje skulle ha verken kylling eller snitsel.
Dei brukte framleis den same måten å setje opp serviettane.
Før vi kom så langt som til Murmansk, var vi også innom kafeen i Nikel, men der vart ikkje teke bilde. Det var litt fullt i kafeen då vi kom, så vi vart viste inn i baren. Vi venta ei god stund, men fekk ikkje verken meny eller anna merksemd, så vi gjekk derifrå og køyrde vidare til Zapoliarny og Titovka. Dessutan var det også ganske skarp svovellukt i Nikel denne dagen, så det var litt ubehagelig å puste der, og røyken inne i kafeen gjorde det ikkje betre.
Vi måtte sjølvsagt stoppe i Titovka. Kafeen her har no eiga fangruppe på Facebook med 252 medlemar i skrivande stund.
Kafeen har ommøblert sidan sist, – veggen mellom dei to romma er teken vekk, så det var mykje opnare og lysare. Dessutan var der nesten ikkje mygg denne gongen.
Dei har nydelege brød/bollar med forskjellig fyll både med kjøt, fisk og kål. DiplomIs-skiltet ute er vekk, men dei har det framleis på fryseboksen.
Sjølvsagt måtte vi også bruke den berømte doen. Prisen har gått opp til 15 rublar, og dei vekslar ikkje 1000-rubelsedlar, så vi måtte først i kafeen og få litt småpengar. Ho som sat i luka såg ut som ho kjeda seg, – trur eg ville iallfall hatt med eit strikk eller eit heklearbeid på ein slik jobb, – og kanskje også ei lydbok eller musikk på øyret.
Tone spurde om vi var på kafe Leto, og sjølvsagt var vi det. Kvar dag. Fleire gongar for dag.
Kafeen ligg så hendig til midt på hovudgata Lenin Prospekt, så det er praktisk å gå dit når ein treng ein pause, eller litt mat, eller begge deler.
Dei som ikkje hadde vore der før, var også nysgjerrige på doen med fuglesang, – og alle fekk høyre gauken. (Sjå video litt nede på denne sida.)
Dei hadde ikkje krabbe i terteskjell på menyen lenger, dessverre, – det hadde vi eigentleg gleda oss til. Men der var mykje anna godt.
Den irrgrønne eplejuicen gjekk det framleis an å få.
… og ein nydeleg drikk med masse is og valgfri frukt, – hugsar ikkje namnet….
Vi bestemte oss for å bestille noko vi aldri hadde smakt før: kaninkjøt. Det var kjempegodt, – iallfall slik det var tillaga her, så det vart ein ny favoritt.
Rekesalaten var også kjemegod, og absolutt alt er lekkert tillaga.
Kafe Leto er også ein grei plass å avtale møte. Her er Bodil på telefonen med Oleg, som skulle kome og køyre oss til Alyosha-statua.
Her er Tatjana og Bente klare for lunsj, – nettopp komne inn etter å ha tråla pelsbutikkar.
Tv-en på veggen sende som vanleg nonstop moteshow med vrikkemodellar, og vi la merke til at ein del av kundane også var litt i same stilen. Vi olabukse-turistane skilte oss litt ut i så måte.
Rett ned bakken frå hotellet er der eit nytt handlesenter, -det er folk frå Moskva som har kjøpt og pussa opp huset, kunne Tatjana fortelje. Så no har dei fått handlesenter med både heis og do.
Der var også ein liten kafe som vi prøvde såvidt medan vi venta på at dei andre skulle gjere seg ferdige i butikkane.
Det var ein kjekk, liten kafe, – lys og luftig. Maten var ferdig i disk, og det var «sjølvbetjening», – ingen servitørar, så det gjekk fort å få det ein ville ha. Vi kjøpte bere litt drikke her, sidan vi hadde gløymt att vassflaska på hotellet, men ein annan gong skal vi nok ha ein kaffikopp her.
Som før nemnt, åt vi dei fleste middagane på hotellet, men laurdagskvelden gjekk vi på Meridian. Såg kanskje ikkje fram til ein heil kveld på dei harde stolane, men kva gjer ein ikkje for eit godt måltid mat.
Vi vart litt overraska over å kome inn i ein restaurant som såg slik ut:
Her har det vore totalt stilskifte sidan sist.
Men der var mykje spennande på menyen no og.
Både Tatjana og Irina var med oss denne kvelden og, – så det vart både god mat og godt selskap. Vi vart sitjande omtrent til midnatt og merka ikkje at tida gjekk, for både stolar og sofaer var behagelege å sitje i.
Maten var nydeleg. Vi hadde planlagt å smake tiramisuen som Johanne fekk då ho var her, men den var ikkje på menyen lenger. I staden vart det blant anna kjempegod strudel og banandessert.
Vi var litt overraska over at der var så lite folk i restauranten på ein laurdagskveld. Asbjørn vart send avgarde tidleg på dag for å bestille bord til oss, men det hadde sikkert ikkje vore nødvendig, for der var kun eit bord i tillegg til vårt der var folk på. Elles var lokalet tomt.
Til slutt kan vi nemne at vi også besøkte kafeen i Kandalaksja, – den med det høge trappetrinnet på toppen.
Her såg det omtrent likedan ut som sist vi var her, bortsett frå ikonet over døra til kjøkenet, – det var vekk.
Her fekk vi endeleg bruk for ordboka som vi hadde kjøpt før turen starta, og som hadde lege i veska heile tida.
Men det var einaste måten å få formidle at vi ville ha is til kaffien, – og det fekk vi. Vi naut begge deler medan vi såg nokre minutt med russisk rettssal-drama på tv-en som hang på veggen her og.
Ingen jordskjelv i Tokyo denne gongen.
Den andre kafeen vi prøvde i Kandalaksja har vi skrive litt om tidlegare.
Lekre skeier (og plastbrikker) hadde dei på denne sida av gata og.
Restaurant Martina i Rovaniemi fekk vi ikkje med oss, for vi hadde hotell på andre sida av hovudvegen, og den er ikkje lett å krysse, eller kome ut av og inn i byen. Vi tulla masse før vi kom oss på rette sida, og enda opp med å måtte køyre gjennom parkeringshuset til handlesenteret, som er bygd midt over hovudvegen, før vi kom dit vi skulle. Og då gadd vi ikkje å køyre ut og rote meir, men valde ein nokså kjedeleg buffet på hotellet i staden.
Dette var visst mest om kafear og mat, så vi lyt kome tilbake med ny post om andre ting vi såg.
Artig oppdatering, og maten så god ut.
Kanin smakte jeg inne hos Anne Grete og de, var godt så vidt jeg husker.
De avlet jo kaniner en stund.
Den fæle Kalkunen de hadde et år smakte jeg ikke på!
😉
By: iggibogg on juli 20, 2010
at 10:28 pm
Fekk eit kalkunegg med meg heim som mamma steikte til kvelds. Smakte som vanleg egg, men det var kjempestort.
By: 4murmansk on juli 21, 2010
at 8:24 pm