Posta av: broyset | juli 4, 2010

Murmansk

blir meir og meir oppussa.  Første gongen vi var her tidleg på 2000-talet, var nokre av husa på Lenin Prospekt (hovudgata) pussa opp, og resten av byen var stort sett grå, rusten, med mange knuste vindu og små og store haugar av bygningsrestar innimellom.

Murmansk sentrum, sett frå hotellet vårt, Poliarnie Zori

Då vi gjekk tur i dag tidleg, såg vi dette bustadhuset som er nesten ferdig.  Leilegheitene såg ikkje ut til å vere store, men særleg dei som vender nedover mot sjøen vil ha fin utsikt over sentrum og hamna.

Nybygg ved Poliarnie Zori

Dei finst enno,  mange av dei grå og rustne bygga som vi hugsar frå dei første åra.  Sjølv om det framleis kan sjå trist ut på baksida av huset, er der nokonlunde ryddig.  Gassrøra er måla, men framleis finnst det vel lekkasjar som fører til  noko  energisløsing.
Bilparken har også endra seg.  Særleg blant lastebilar og små og større bilar for transport, ser vi enno gamle bilar som heng saman ved hjelp av tape og tau, og spyr eksos som får oss til å minnest bilsjuke turar på femti- og sekstitalet i Norge.  For det meste ser personbilane ut slik som på biletet under:

 Bakgardane ser ofte slik ut:  litt grønt, leikeplass til ungane – og fleire og fleire parkerte bilar.  Dagens bilbehov var nok ikkje med i opphavleg byplanlegginga i Murmansk

Nokre stader hadde dei også pynta bakgardane med blomar, og laga hyggelege sitjegrupper

Vi blei fascinert av ulike måtar å henge opp gardiner på

Det finnst små parkar med tre, kanskje litt blomar, og grønt gras.  Det er sjeldan at graset blir slege, så plenane i  Murmansk har oftast langt gras.

Dei fleste byane i Russland har ein eller fleire Leninar framleis.  Her er ein Lenin i Murmansk

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: