Posta av: broyset | juni 26, 2010

Kvar er visuma våre?

jf tidlegare bloggpost om at ting tek tid.  Konsulatet i Oslo vedtok visst at dei skulle bruke alle dei 10 arbeidsdagane dei skræmer med i informasjonen om behandlingstid (4 – 10 dagar).  I mellomtida bestemte Bente og Bodil at dei skulle ta laust på fredag 25. i staden for måndag 28. som opphavleg planlagt.  Etter mange samtalar og epostar med visumservice og posten, enda vi opp med at passa våre no er sende med «Ekspress over natten» (400 kr takk), til Post i butikk i Vestre Jakobselv i Vadsø.  Vi har fått ei lenke som vi kan følgje med på, og no viser den at passa våre var innlevert i Oslo kl 19:42 i går, og etter det posten lova, skal dei vere i Vestre Jakobselv i dag før kl 16.  Vi er ikkje der før tidlegast tysdag.  Men vi skal ringe til Harila som har bensinstajonen med post i, og forhøyre oss om dei har kome fram.  Følg med – vi kjem oss nok inn i Russland til slutt.  Vi får tru på barnelærdomen om at når du arbeider hardt og målmedvite, så går det bra til slutt.


Kommenter innlegget

kategoriar