Posta av: 4murmansk | juni 21, 2010

Ting tek tid

Den delen av turen vår som går innom Russland må planleggast i god tid. Den må datofestast ganske tidleg slik at alt papirarbeid og søknader kan ta til.

2 veker er for kort tid, 3 veker kan gå, men ein bør helst ha 4 veker for å vere på den sikre sida, kanskje meir viss du også treng å fornye passet.

Dette tek tid:

1 Få tilsendt invitasjon for datoane som er bestemt, og bestille hotell.

2 Ta passbilde (NB ordentleg bilde!) Har du ikkje fotograf på den aude øya du bur på, må du anten reise eins ærend, eller passe på å få gjort det når du likevel er i ein eller annan by eller tettstad i løpet av våren.

3 Ordne med reiseforsikring og få bevis på det. Få grønt kort frå forsikringsselskapet dersom du planlegg å ha med bil.

4 Fylle ut visumsøknad. (Pass på at passet er gyldig minst 6 mnd etter besøket)

5 Møte personlig på russisk konsulat i Oslo eller Kirkenes for å levere søknaden, evt. få nokon frå reisebyrået til å gjere det, eller nokon andre du kjenner.

6 Vente på at visumsøknaden blir behandla, pluss postgang heim til deg.

Slik kan det sjå ut på stovebordet når alle papira skal fyllast ut.


Nyttige lenkjer når ein skal bestille tur:

Reisebyrået Flait har mange sider med nyttig og oversiktleg informasjon om kva som trengs å gjerast, og kva tid.

http://norge.russland.ru/visum/morenews.php?iditem=1

http://www.norway.mid.ru/webko/main_e.html

Dette er lenke til den russiske ambassaden. Der finn du skjema for visumsøknad, og forhåpentlig oppdatert informasjon om kva som elles trengs av dokument.

Så kan du bruke resten av tida til å planlegge resten av turen, og kanskje lære deg litt russisk.

Det kan vere litt nyttig å ha peiling på alfabetet:

http://www.uio.no/studier/emner/hf/ilos/RUS1110/h07/undervisningsmateriale/AlfabetetPDF.pdf

Eit litt enklare oppsett:

http://www.helse-finnmark.no/getfile.php/FIN%20Helse-Finnmark%20INTERNETT/Russlandsh%C3%A5ndbok/11.%20Russisk%20alfabet%20med%20forenklet%20uttale.pdf

Denne linken har også lydfiler med uttale:

http://www.languagehelpers.com/Russian/TheRussianAlphabet.html

Eldrid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: