Posta av: broyset | juni 26, 2010

Bente og Bodil starta fredag etter arbeidstid…

Lang dags ferd mot natt   Det var sitatet  som låg fremst i pannebrasken min då vi endeleg køyrde inn på tunet på Skottegården i går kveld klokka 2315. Før det hadde vi køyrd nokre kilometer for langt ,rett og slett fordi vi syntes det var natureleg at skiltet til Skottegården stod på høgre sida av vegen i og med at staden låg på høgre sida . Pytt , pytt. Ei smilande vertinne venta oss på tunet og viste oss straks innpå loftet  i gamlestova . Og ho vart ikkje mindre blid då ho fekk vite kvar vi kom i frå . I sin ungdom , antagelegvis i -69,  hadde fru Kari  nemleg vore sommarvikar i posten både på Hareid og i Hjørungavåg! Ho huska spesielt godt ungkarane på Hjørungavåg , for dei var så pågåande at ho måtte ha hjelp av Øystein for å bli kvitt dei.Dessutan hadde ho vore på diskotek der  også . Som venteleg  vart det mykje å snakke om , så det gjekk ei stund før Bodil og eg kom under dynene på loftet . Men med ope vindu mot lyden av elvesus har vi hatt ei god natt.

Skottgården i Brekken

Første etappe var på 470 km. F ølg med !

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: