Så blir det visst tur no igjen. Bodil inviterar, og vi andre takkar ja.
Denne gongen får Asbjørn vere med, og vi skal til og med køyre eigen bil. Vi skal altså køyre to bilar med to personar i kvar, – litt ulike start- og stopptidspunkt, men mesteparten av tida i følgje.
Asbjørn og Eldrid startar først, og tek seg god tid på vegen nordover. Bodil og Bente må nok vente på passa og visuma våre før dei kan legge av garde, og så får vi sjå kvar vi møtest.
Planane er noko flytande enno, men vi har mange ønskje.
Meir etterkvart.
Eldrid
Legg att eit svar