Posta av: broyset | juni 22, 2010

Vi kosar oss med å planlegge turen

Bodils plan var å «ta ein snartur til Murmansk», kanskje åleine, kanskje med selskap.  Ho inviterte med ei venninne frå Hammerfesttida, og bearbeidde Hildur i Tromsø til å flyge til Murmansk og sitje på i bil tilbake til Tromsø.  Venninna hoppa av, og Bente hoppa på.  Så ville søster Eldrid med mannen Asbjørn vere med.  Vi måtte ha to bilar fordi vi blei for mange på turen tilbake frå Murmansk til Tromsø.  Medan Bodil og Bente ville starte 28. juni og køyre rett til Rovaniemi for grensepassering vi Salla inn til Kandalaksja, ville Asbjørn og Eldrid starte litt tidlegare,  fordi fiskaren Asbjørn må vere om bord i båten att den 12. juli.  Hildur måtte hoppe av då streiken førte til forskyving av ferien hennar.

Bente og Bodil planlegg tur på verandaen. Fin utsikt frå verandaen til Bente.  Foto: Karl Johan Jonsson.

I planlegginga vaknar lystene.  Bente vil til Tromsø å besøke ei venninne, det var med frå starten.  Så har ho lyst til å sjå Finnmark.  Det får Bodil til å minnast perfekt gourmetmiddag i midnattssol på Ekkerøy utanfor Vadsø, den fine køyreturen via Laksefjord, med stopp på sommarkafeen på Kunes, og ikkje minst gode vener i Hammerfest, som også var med i den opphavlege reiseruta.  Ok,  reiseruta blir snudd:  vi køyrer inn i Russland frå Kirkenes, og ut via Kandalaksja til Rovaniemi.  Og så startar Bente og Bodil den 25, viss passa har kome tilbake då.

Eldrid søkjer på nettet, og finn spennande reisemål på vestsida av Kvitesjøen:  Den gamle pomorbyen Umba, der dei har tregater for å verne mot søla.  Arkitektvenninne Lene i Husbanken i Hammerfest har også ofte snakka om Kovda, noko sør om Kandalaksja.  Velbevart, fleire hundre år gammal by.

Følg med på bloggen, så får de sjå kvar vi endar opp, saman og kvar for oss

Advertisements

Responses

  1. Fotografen ønskjer å bli nemnd med namn .
    Det er Kalle som har tatt bildet ..

  2. Hvordan noen kan finne på å ønske seg til Murmansk når man har en veranda med slik utsikt er en komplett gåte for meg. Men ferie er som kjent å oppleve noe annet, så da så….. 🙂

    Undertegnede har aldri vært lenger nord enn til Harstad, så det blir spennende å følge med på opplevelsene deres i ukene som kommer. (Grøsser litt av russisk byråkrati!!)
    GOD TUR!

  3. Det må vi vel få til…

  4. Berserkseielerne Jarle og Alex Rosen har vært der:

    http://www.flyt.no/index.php?page=shop.product_details&flypage=flypage.tpl&product_id=38&vmcchk=1&option=com_virtuemart&Itemid=29

    http://www.nrk.no/programmer/sider/berserk_til_valhall/

    Morsomt 😉


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: