Bodil har køyrt her nokre gonger no, og gjort seg nokre erfaringar. Men ein del ting har endra seg litt sidan sist vi køyrde i lag, for 3 år sidan. Då skreiv vi litt om vegstandarden, og at vegane vart meir og meir slitte og holete til lenger inn på Kola vi kom.
Det stemmer ikkje lenger, for det var no lagt nytt dekke frå eit stykke etter Pechenga og heilt til Murmansk. Vi som køyrde frå Murmansk til Kandalaksja fekk sjå at også her var det nytt omtrent heile vegen, – nokre få stader jobba dei med utbetring av vegen framleis.
Asbjørn var blitt advart mot dei humpete vegane, men det slapp han å oppleve, – for det meste. Vi køyrde også på ein del grusvegar, – blant anna er der 6 km grusveg frå hovudvegen og ned til landsbyen Kovda, som vi besøkte.
Grusvegen var brei og fin for det meste. Det som var litt skummelt her, var steinar som stakk opp av grusen, ofte midt i vegen, – nokre av dei så store at dei slo oppi bilen dersom vi ikkje navigerte utanom. Så farten kunne ikkje vere stor sjølv om her var god plass til passering.
Denne vegen var likevel bra samanlikna med ei strekning med grusveg vi køyrde på vegen til finskegrensa.
Her holdt dei på å utbetre vegen, og der var 3-4 mil med nylaga grusveg. Grusen var temmeleg laus, så skiltet over var på sin plass.
Det kunne sjå ut som vegen var bygd av lass på lass med slik laus grus, som så berre var jamna ut.
Nokre få heftige regnbyger kunne lett gjere stor skade på desse lausmassane. Somme stader var der «elvefar» halvveges inn i vegbana, så vi måtte vere obs og tilpasse farten. 20 – 40 km/t var omtrent passeleg på mesteparten av denne strekninga.
Desse sprekkene kunne vere temmeleg djupe, så det var ikkje ønskeleg å dumpe uti nokon av dei. Vi reknar med at planen er å legge fast dekke på toppen, så då vil det nok bli betre. Men før det, må ein rekne seg god tid på vegen mot (eller frå) finskegrensa.
Skiltet på M18 som viser vegen mot Finland, litt sør for Kandalaksja, var forresten bytta ut sidan sist.
Salla er ikkje lenger med på skiltet før krysset, men berre Alakurtti, som er vel halvveges til finskegrensa.
Men rett etter at du har svinga av, får du bekreftelse på at du er på rett veg.
Med generelt gode vegar er det freistande å setje opp farten, og ulukker skjer. Det har vore ein del medieoppslag om ulykkesstatistikken i Russland i det siste, og langs vegane står der ein del kors og/eller blomster på stadar der det har skjedd ulukker.
Vi kunne sjå ein del tegn på at der er haldningsskapande kampanjar på gang når det gjeld trafikktryggleik. Ved kontrollposten i Titovka stod det for eksempel eit bilvrak på ein påle høgt oppe i lufta:
Her må alle stoppe for kontroll, og kan ikkje unngå å sjå denne advarselen. På stolpen under bilvraket hang denne plakaten med tekst både på russisk og norsk:
Ut frå det siste talet kan ein konkludere at ein kan risikere å kome ut for fartskontroll, – her som andre plassar. Og då er det nok ekte saker, – ikkje «lurepolitibil» som på biletet under.
Desse såg vi ein del av for 3 år sidan, men no var dei heilt vekk, iallfall langs hovudvegen til Murmansk, og langs M18 ned til Kandalaksja. Vi var ikkje ut på sidevegane til Lovozero eller Kirovsk denne gongen, så vi veit ikkje om nokon av dei kan stå langs desse vegane fremdeles.
Vi såg derimot ein del skilt om fotoboksar denne gongen. Det er mulig at fotoboksane var der og, men vi veit ikkje om vi såg nokon av dei.
Vi er ikkje sikre på om dingsen på bildet over kan vere ein fotoboks, eller om det er noko anna.
Vi såg også ein del «kjende og kjære» plakatar om bruk av bilbelte.
Desse stod som regel på vegen ut frå byane.
Her er ein plakat som tydelegvis informerer om bruk av bilbelte for gravide.
Elles la vi merke til at der var forskjellige sortar skilt som varsla om fotgjengarar.
Her er eit frå landevegen som viser ein person som ikkje har det spesielt travelt.
Inne i Murmansk derimot, er det fleire personar som skal krysse gata, og det ser ut som dei må skunde skikkelig på for å kome over i tide. I verkelegheita gjekk det oftast greit å kome over med vanleg gangfart.
Vi la merke til at dei har ein del kjekke skilt som vi ikkje er vant med å sjå her heime.
Slik som her i landet, er der skilt med namn på byane du kjem til. Men i tillegg er der skilt som viser kva for by du nettopp har køyrt ut av. Veldig hendig i tilfelle du ikkje la merke til namnet første gongen. Her er vi på veg ut av byen Sputnik. Meinar å hugse at vi hadde liknande skilt her i landet og, for mange år sidan.
I tillegg var alle bruer som vi kryssa skilta med namnet på elva. Det kunne vore artig å ha her heime og. Men her har vi i staden skilt med namn på alle tunnellar, så kanskje vegvesenet (eller kva dei no heiter) har nok å gjere med det. Vi såg forresten ikkje ein einaste tunnell verken i Sverige, Finland, eller på Kola, så vi veit ikkje om dei skiltar tunnellar der, – dersom dei då finst i det heile.
Ein annan type skilt som var veldig hendig, var desse små skilta som viste kilometertalet sidan starten på vegen. Biletet over er frå vegen til finskegrensa. Den starta i krysset på M18, og for kvar kilometer innover var der eit slikt skilt med tal. Her har vi køyrt 45 kilometer frå vi tok av frå M18.
Asbjørn likte desse veldig godt. Når der ikkje var særleg anna enn skog og myrar å sjå, kunne han i staden underhalde seg med å følge med på desse skilta og samanlikne med kilometerteljaren på bilen. Etter nokre mil hadde han så rekna ut at kilometerteljaren vår talde ca 2% meir enn desse skilta viste, og vi lurte på om vi kanskje kunne ha litt lite luft i dekka. Då vi kom til Finland, var det slutt på denne «skiltluksusen», men i staden var der skilt med 10 km mellomrom som viste avstanden til næraste byane. Desse stemde nøyaktig med kilometerteljaren vår (og vi hadde ikkje fyllt på luft i dekka eller endra vekta på bilen), – og det gjorde det også i Sverige og Norge, så då byrja vi å lure på om kilometerane i Russland er 2% lenger enn andre stader. Vi har ikkje funne noko svar på det, men spørsmålet har ein del interessante implikasjonar. Forutsett at kvar nasjon har målt sitt eige land, er då muligens Russland 2% større enn vi trur? Kanskje dei synest det er greit å ha litt areal i bakhand som vi andre ikkje veit om? Det kan jo f.eks.vere taktisk lurt at Napoleon og andre må marsjere 2% lenger enn dei har tenkt i utgangspunktet, – det kan til og med bli fatalt for dei som marsjerer.
Eller det kan også vere «våre» kilometrar som er 2% for korte. Så kanskje har dei skandinaviske landa behov for å verke større enn dei er?
Som sagt, vi veit ikkje, men det er mangt ein kan byrje å filosofere over når ein er på tur langt inn i granskogen.
Napoleon trong ikkje bensin, men det gjorde vi, og det var ikkje så vanskeleg å få tak i.
Det byrjar å bli ganske tett med Statoil-stasjonar på Kola, og her kan det fyllast bensin på «normal» måte, – dvs. fylle først og betale etterpå. (Dei har dessutan akseptable do). På nokre bensinstasjonar må ein mulignes rekne med å gjere det på måten som er beskrive her: gjette kor mange liter du treng, betale først, og så fylle.
Eit råd vi har fått er å bruke bensinstasjonar med «kjende» merkenamn for å unngå å få dårleg bensin (for mykje bly).
Bildet over er frå Statoilstasjonen i Murmansk. Det mangla ikkje hundar her heller:
Denne var ikkje interessert i kundane i det heile, men leitte tydelegvis etter noko å ete.
Elles var politiet og militære meir synleg i trafikkbildet enn vi er vande med. Når dei stengde bakken ned frå hotellet på grunn av gravearbeid, var det ikkje nok med berre eit skilt.
Her stod i tillegg både ein politibil og ein politikonstabel og sperra vegen.
Vi var også gjennom ganske mange militære kontrollpostar på veg inn og ut av Kola.
På nokre stadar stod dei med geværa klare medan vi snegla forbi i 20 km/t. Somme stader vart vi stoppa, og dei ville som regel sjå etter at vi ikkje hadde noko ulovleg i bagasjerommet. På kontrollpostane nærast grensa var det lurt å ha pass og andre papir klare til å vise fram.
Tollskjema for bil har vi skrive om tidlegare, og det same skjemaet må fyllast ut på nytt når vi skal ut av Russland, berre at det må kryssast på litt andre plassar sidan vi no skal ut og ikkje inn. Tollbetjenten på finskegrensa var atskilleg meir hjelpsam enn på Storskog, så det gjekk ganske raskt her. Men i passkontrollen fekk vi spørsmål om kva vi hadde gjort i Kandalaksja. Vi sa som sant var: overnatta, og besøkt Kovda, som vi så skrytte litt av.
Vi slapp gjennom.
Legg att eit svar