Posta av: 4murmansk | juli 2, 2010

Gjensyn med patchworkdamene

Då vi var i Murmansk for 3 år sidan, dumpa vi tilfeldigvis bort i ein gjeng damer som syr patchwork. Opptakten finn de på denne posten her.

Det som har skjedd i mellomtida er kort fortalt dette:

Eg (Eldrid) syntest det var kjempeinteressant og spesielt det som denne gruppa dreiv med innan patchwork, og kontakta senteret på e-mail for å få fleire opplysningar. Dei som snakka/skreiv engelsk på senteret, formidla liste med spørsmål til gruppa med patchworkdamer, og oversette svara deira til engelsk før det så vart sendt tilbake til meg. Dette vart så til ein artikkel om Quilting i Murmansk, publisert i Norsk Quilteblad, som er medlemsbladet til Norsk Quilteforbund.

Sommaren etter kom Irina og Tatjana på gjenbesøk til Norge, og Bodil køyrde dei frå Oslo til Murmansk. Då nytte eg høvet til å send med dei ein kopi av artikkelen, samt ein del stoffbitar til patchworkgrupa som takk for hjelpa med artikkelen. Irina overbrakte dette til gruppa.

Gruppa fordelte stoffbitane mellom seg, og laga ei utfordring til å sy eit lite teppe med geometriske former som tema. Alle teppa skulle innehalde litt av dei forskjellige stoffa eg hadde sendt, og dei kalla prosjektet «vennskap». Teppa var utstilte på 15-årsjubileet til patchworkgruppa, og har sidan vore på utstilling rundt i fleire byar på Kola og i Russland elles.

Då Murmanskturen vår vart planlagt no i vår, kontakta eg senteret i gjen og lurte på om patchworkgruppa skulle ha sitt vanlege møte om fredageskvelden, eller om dei har teke ferie. Det ville vere kjekt å få møte dei att. Eg fekk til svar at gruppa eigentleg har ferie, men at dei som var i Murmansk gjerne ville kome til senteret og møte oss kva dag som helst.  Den einaste engelsktalande på senteret skulle også ha ferie frå 1. juli, men Irina sa seg villeg til å vere tolk. Ting flaska seg.

Vi avtalte møte i dag, fredag 2. juli kl 14. Det viste seg at Irina framleis gjekk på krykkjer etter eit beinbrot i vinter, så vi organiserte henting med drosje. Trafikken var tett, så vi kom ca 20 min etter avtalt tid. Då stod damene rett innanfor inngangsdøra og venta, og vi vart hjertelig mottekne.

Tatyana Ischkaraeva er leiar i gruppa, og førte ordet, medan iria oversette. Inne på møterommet var det full aktivitet med å stille ut arbeid som dei ville vise oss.

På bordet låg dei fleste quiltane i «Vennskap»-prosjektet,

og damene stilte opp og viste fram kvar sine teppe. Dei vise også fram forskjellige vesker og kle dei hadde sydd, og mannen til ei av damene hadde også eit flott perlearbeid å vise oss:

Det gjekk med ganske mange perler til dette bildet:

Tatyana fortalde om dei forskjellige prosjekta som gruppa har jobba med. Dei samarbeider med forskjellige billedkunstnarar, og «omset» bilda deira til patchworkteppe. Då vi møtte dei sist, hadde dei gjort ferdig eit stort prosjekt med kunstnaren Anatolij Sergejenko sine bilde med motiv frå samiske eventyr og legender. Teppa i dette prosjektet har sidan vore utstilt i mange byar rundt i Russland og i fleire land i Europa, og vunne prisar. I samarbeid med Bernina skal no 12 av desse teppa stillast ut på den store quiltefestivalen i Birmingham i august i år.

For tida samarbeidar dei med ein kunstnar frå Apatity, – ho har ein del motiv i svart-kvitt som dei så har «omsett» til patchwork, samt sett på sine eigne fargar på motiva. Prosjektet har dei kalla Tersky-kysten, – dvs det er motiv knytt til sør- og austkysten av Kolahalvøya mot Kvitsjøen.

At patchworkgruppa brukar motiv og inspirasjon frå lokale kunstnarar (med tillatelse), gjer arbeida deira særeigne  i forhold til mykje av det ein elles kan sjå rundt i Europa og Amerika.

Medan praten gjekk vart vi også bedne til bords til full oppdekning med kaffi, te og masse kaker. Eg fekk ein del litteratur om dei forskjellige prosjekta dei har jobba med, samt ei bok om maskinquilting, som eg gler meg til å setje meg ned og studere.

Og alle fekk dokker.

På desse dokkene kan skjørta knytast opp og opnast og inni er det små presangar. Det er ein tradisjonell måte å pakke inn f.eks. godteri.

Asbjørn fekk ei flott og ferm lita dokke:

Når damene er så frodige, betyr det tradisjonelt at familien deira har det bra.

Irina fekk også ei slik dokke, pluss ei lita dokke med veldig bøyelege bein, – overrekt med glimt i auget.

Praten gjekk livleg rundt bordet heile tida, så Irina hadde sitt fulle hyre med å få oversett alt som vi og dei russiske damene hadde på hjertet.

Eg hadde spurt på førehand om det var noko dei ynskte at eg skulle ta med til gruppa, og fekk til svar at dei ønskte seg frysepapir, så det hadde vi pakka med, – pluss litt vlisofix og ein rull bakepapir. Det kan høyrest ut som merkelege ting å ta med, men det er faktisk slikt som dei fleste patchworkdamer har bruk for.

Det var nydeleg gode kaker.

Dessverre måtte Irina gå til ein annan avtale,  så ho vart ikkje med på gruppebildet vi tok til slutt:

Summa summarum:  kjempekoselege og interessante timar saman med veldig kjekke russiske damer, – og mann 🙂

Eldrid

Reklame

Svar

  1. Så koslig at kontakten opprettholdes, Er det disse damen vi snakker om?

    http://3murmansk.wordpress.com/

    • Ei av dei, ja.
      Bodil kjende Irina og Tatjana frå før 2007, og Irina var med oss som tolk i dag.
      Den Tatyana som er leiar i patchworkgruppa er ikkje den same som Bodil hadde med på tur i 2008 ( http://3murmansk.wordpress.com ).
      (Der er faktisk 5 stykker i patchworkgruppa som heiter Tatjana til fornamn)

  2. Ahhh

    Så Irina har vært på Røyset, og la igjen 1 kartong med sigaretter siden hun, eller en Tatjana skulle slutte å røyke altså? Jeg fikk den kartongen med røyk, og gav den videre i julegratiale til vaskedamen min.

    Verden er egentlig liten, noen ganger! 😉

  3. Flotte tepper dei he laga damene.Og so koseleg med kaffi tea og kaker då.Artige dokker dokke fekk også(litt misunneleg)…:-)) He dokke vore på Kafe Leto?


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: