Posta av: broyset | juli 2, 2010

Å finne rublar etter grensepassering

Inngang til banken

Tidlegare var det bank i den russiske delen av grensestasjonen på Storskog.  No er den stengd.  Likevel fann vi første bankomat relativt enkelt:  stoppe på plassen der bussan plar stoppe i Nikel, spurde ein mann, som peika på butikken der dei norske turistane plar bruke opp rublane på vegen heim.  Bankomat var der, men etter å ha gitt 3000 rublar til Bente, gav han opp. 

Bankomatskilt i Zapoliarny

Dermed var det ikkje berre krystallglas, men også minibank vi såg etter på vårt første besøk i Zapoliarny.  Etter å ha vore inne i ein veskebutikk og fått god hjelp trass i manglande felles språk, køyrde vi etter anvisningane, som vi då sjølvsagt ikkje var heilt trygge på.  Bente oppdaga skiltet på noko som i utgangspunktet var ein usannsynleg plass.  Bodil og Asbjørn funderte litt då dei kom opp til skiltet.  Ingen andre signal som vi er vane med om at her skulle finnast nokon bank.  Ein trappeinngang hadde grønmala rekkverk.  Vi fann ut at vi måtte kike der.  Jaudå, inne i gangen, der ein skulle vente den tredje døra til leilegheit, var det minibank i veggen

Bank og minibank i Zapoliarny

Heller ikkje denne minibanken ville gi oss pengar.  Då gav vi oss. Bente sine rublar vart brukte til eit godt måltid på kafeen i Titovka, og til å betale for toalettbesøket  som høyrer med der.  Minibankane på hotellet vårt i Murmansk, Poliarny Zori, fungerer alltid.  Men det må finnast andre løysingar for å få rublar mellom grensa og Murmansk enn dei vi fann.  Her må det detektivarbeid til.

Advertisements

Responses

  1. Dere er vel litt vant fra forrige tur, at der borte finner man tjeneste på veldig ulogiske steder?
    😉


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: