Posta av: 4murmansk | juli 1, 2010

Fire minutt med hjertebank

… og kaldsvette og… og…

Bodil ville inn i Zapoliyarnie for å leite etter ein butikk ho hadde høyrt skulle ha så fine krystallglas. Vi trong også å finne ein minibank, eller bankomat, som er det ordet dei skjønar her, for banken på grensa var stengt, og vi trong nokre rublar så vi kunne kjøpe oss mat og gå på do i Titovka. Bente hadde fått ut nokre få rublar i Nikel før bankomaten der sa takk for seg, men vi var ikkje sikre på om det var nok.

Vi var enno ikkje ute av den stengde sona, og langs vegen stod det skilt om at utanlandsk trafikk, eller godstransport, skulle halde seg berre på hovudvegane, – men vi tok sjansen likevel.

Det vart litt køyring hit og dit, fleire stopp og nesten-stopp, og til slutt køyrde Bodil inn på ein parkeringsplass. Eg kom etter, og var ikkje heilt skker på om ho skulle stoppe eller berre snu, så eg venta til eg såg ho kom ut av bilen før eg stoppa motoren. Bodil og Asbjørn gjekk så til bankomaten for å ta ut pengar, men kom skuffa tilbake, – kaputt denne og. Vi bestemte oss derfor for å køyre vidare og satse på billeg mat i Titovka, eventuelt reservepakkane med knekkebrød vi har i bilane.

Så då var det berre å starte opp igjen. Men skrekk og gru. Der var ikkje livstegn i motoren. Eg vrei på tenningsnøkkelen, – det såg ut som der var straum, for alt lyste som det brukar på dashbordet, men ikkje livstegn i sjølve motoren. Vi drog ut kjølebagen frå sigarettennaren i tilfelle det var noko gale der, og prøvde igjen. Ikkje tegn til å ville starte. Asbjørn sprang ut av bilen for å gi beskjed til Bodil, så ho ikkje køyrde vidare utan oss. Eg venta litt, og prøvde igjen. Nei, ikkje liv.

Jaja, så her skulle vi altså bli ståande i nokre dagar, – med motorstopp i ein by der vi ikkje kjende ei sjel eller kunne språket, og som vi eigentleg ikkje hadde lov å vere i. Hjelp!!  Korleis skulle dette gå. Prøve igjen. Nei, – ingenting. Panikken auka, og mange tankar flaug gjennom hovudet. Dette var nok straffedomen for å bevege seg på ulovlege vegar, – vi skulle ha halde oss til hovudvegen, då hadde sikkert alt gått greit.

Var der noko eg kunne rigle og bevege på for å få denne motoren til å reagere? Eg såg ned på girstonga, og såg plutsleg at den stod på D – drive. Eg hadde gløymt å setje den på P – parkering, då eg sløkte motoren. Det har ikkje skjedd sidan den første veka etter eg kjøpte bilen, og måtte venje meg til automatgir, men no hadde eg gjort det i vanvare medan eg fulgte med på om «leiarbilen» skulle stoppe eller ikkje.

Lettelsen var stor. Det var berre å flytte stonga frå D til P, så starta bilen på første forsøk. Hipp hurra. Ingen fortvila telefon til Trygg Vesta denne gongen.

Det høyrer med til historia at vi køyrde feil på vegen ut av byen og enda opp i ei politisperring i porten inn til verket der. Bodil og Bente tok på sine mest uskuldige smil og spurde etter vegen til Murmansk.  Politimannen lo og vinka dei rundt 180 grader. Vi fulgte etter, og vi kom oss ut av byen i lag.

Eldrid

Advertisements

Responses

  1. Skjønner følelsen du fikk da ja, bra det gikk godt.
    Motorhavari, det er min bil det 😉

    • Absolutt ingen bra følelse, nei. Lettelsen var desto større 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: