Posta av: 4murmansk | juli 1, 2010

Borte vekk

På turen innover til Murmansk i dag var det ønske frå alle om å stoppe ved klosteret i Petsjenga. Der stoppa vi og på den forrige turen vår, og tok nokre bilde, men der var gudsteneste på gang, så vi kom ikkje inn.

Det vesle kapellet på toppen av bakken er det første vi ser når vi kjem rundt svingen.

Nokre meter nedanfor står noko som ser ut til å ha vore ein slags port, eller muligens klokketårn.

Klosteret er omringa av militære bygningar, så inngangen til sjølve klosteret er bak porten i dette plankegjerdet:

Bodil gjorde seg klar med skjerf til å dekke hovudet i tilfelle det vart krevd for å kome inn, og vi kryssa vegen bort til porten, der vi venta å få sjå dette:

I staden såg vi dette:

– og vart ståande som store spørsmålstegn. Hæ? Er klosteret vekk? Kva har skjedd?

Svaret ligg muligens i denne stabelen med tømmer som låg eit lite stykke innanfor gjerdet.

Som de kanskje kan sjå på biletet er stokkane temmeleg svartbrende.

Synd! Verkeleg synd!

Skulle gjerne ha vore innom desse dørene og sett korleis eit kloster frå 1600-talet såg ut på innsida.

Der låg no eit bitte lite bygg heilt i enden av plassen.

Vi veit ikkje om dette er eit bygg som har stått bakom klosteret tidlegare, eller om det er sett opp nyleg. Vi gjekk ikkje bort for å sjekke nærare, men køyrde vidare i regnveret og skodda.

Eldrid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: