På reisa vår i 2007 skreiv vi om dette temaet. Vi brukte 1,5 timar på grensepasseringa i dag – utan kø. Rett skal vere rett, meir enn ein av dei timane gjekk nok med til utfylling av skjema: 2 stk som må fyllast ut i to eksemplar kvar, av fire personar som er usikre. I tillegg veit vi at dei må vere riktig utfylte, elles så må vi fylle ut på ny. Både innreiseskjemaet som alle skal fylle ut, og tollskjemaet som sjåfør skal fylle ut, har no engelske undertekstar. Men dei som har laga skjema, har ikkje hatt same type engelskopplæring som oss.
Bodil var først ferdig med tollskjemaet som sjåfør måtte fylle ut. Ho gjekk bort til tollaren, som refuserte skjemaet og forlangte nye to skjema. Feila blei i all hast kommuniserte til Eldrid, som dermed unngjekk dei. Hennar skjema vart likevele refuserte – av andre grunnar enn Bodils. Dette blei ropt til Bodil, som då måtte ta til på nye skjema. Til slutt var tollaren fornøgd med tollklareringsskjema for begge to.
Vi slapp å ta all bagasjen ut av bilen – ein hyggeleg tollar bladde gjennom pakkenellikane våre, løfta opp pakkane med mor og skinke, sa strengt: «njet», la dei i posen att, og sette dei pent tilbake i bagasjerommet.
Tidlegare sto tollarane over oss medan vi fylte ut tollklareringsskjema og kommanderte kvar vi skulle krysse og signere. Det tok aldri så mykje som ein time å kome gjennom grensa, trass i venting på andre, og 17 underskrifter på 17 skjema mot to underskrifter på to skjema no.
Understellsnummeret skal no førast i ei rute som heiter ID-no, og der er det faktisk plass til heile det lange nummeret. Chassis no og Engine no skal ikkje fyllast ut. Det lønner seg å la det stå ope der du er usikker, og la tollaren hjelpe deg. Trass i at vi brukte denne strategien, måtte vi for begge bilane fylle ut tollklareringssskjemaet to gonger.
Jeg småler av dette dere skriver, men tenker så: Er dette virkelig mulig i vårt herrens år 2010?
Å spionerer på Russere er jo bare SÅÅÅÅÅ 1986 liksom, hvem gidder nå?
Hva har NOEN å skjule, liksom.
Men det er kanskje et ledd i sysselsettingen, en avlegger av kommunismen som var?
Inte vet jag
😉
By: iggibogg on juli 2, 2010
at 12:12 am
Dei leitar etter våpen og narkotika. Du veit vel at det finnst (fannst) ein tradisjon for å stele bilar i Norge, køyre dei til Russland og selje dei? Vi trur at skjemaet og kontrollen er eit forsøk på å avgrense den trafikken.
By: broyset on juli 2, 2010
at 6:22 am
Høres rimelig ut da ja, men klarer ikke å forestille meg dere som våpen og narkosmuglere 😉
By: iggibogg on juli 2, 2010
at 4:48 pm