Posta av: 4murmansk | juni 30, 2010

Valgets kvaler, – det vart Berlevåg

… og det angra vi ikkje på.

Medan Bodil og Bente skulle køyre austover frå Hammerfest, hadde vi nokre timar til å utforske i andre retningar, før vi skulle møtest att. Vi såg på kartet og rekna. Vi lurte føst på Kjøllefjord, – heimstaden til denne bloggaren freista litt, men vi fann ut at det vart vel langt å køyre når vi skulle både fram og tilbake til Tana før vi for vidare aust. Valget stod difor mellom Båtsfjord og Berlevåg, – muligens begge dersom vi fekk tid. Bodil anbfalte Berlevåg dersom vi måtte velge mellom desse to og, så vi prioriterte å køyre dit først. Vi rakk nok ikkje å sjå Båtsfjord, berre så det er sagt.

Desse karane har sett Berlevåg grundig på kartet, og gjorde nok at staden var langt framme i bevisstheita til underskrivne og. Og når vi så køyrde forbi Sangernes Hus, måtte vi sjølvsagt ta bilde av det:

Turen over Kongsfjordfjellet og vidare langs kysten til Berlevåg var fantastisk flott. Sjølv i finever braut dønningane frå Barentshavet voldsomt innover fantatiske klippeformasjonar og flotte sandstrender. Strendene var fulle av fuglar, og vi passerte også eit par reinsdyrsflokkar.

Vel framme var det på tide med kaffipause. Her stod valget mellom ein pub og «Kafe Velferden», og vi enda opp på sistnemnde.

Her sat mannskap frå fiskebåtar og åt middag medan dei hadde god utsikt over hamna nedanfor.

Etter ein rudtur i byen, som forresten har mange fargerike hus, måtte vi ha ein tur på den spesielle moloen. Hamna har ikkje mindre enn tre moloar utanpå kvarandre, og den ytste måtte byggast av såkalla tetrapods – store betongelement med «føter» i tre retningar. Denne franske oppfinninga ser ut til å vere det einaste som kan motstå dei kraftige dønningane.

Sjølv i finever var det voldsomme drønn og buldring når bølgene slo mot moloen.

Fuglane såg ut til å ha funne seg ein flott plass ytst ute.

Men ein einsleg, heilt kvit måse, sat for seg sjølv lenger inne:

Vi vurderte også å ta ein tur på museet, men tida strakk ikkje til. Utanfor inngangsdøra til museet traff Asbjørn ein kar som han kom i prat med, og han kunne fortelje forskjellig, blant anna at Berlevåg hadde hatt verdens nordligaste jernbane i si tid. Jernbana gjekk frå ei fjellside eit stykke borte, og ned til hamna. Den frakta stein som vart brukt til å bygge hamna med. Svillene låg framleis i grunnen ned mot sjøen.

Vel tilbake over fjellet stoppa vi på Tanabru og fylte bensin før vi køyrde vidare mot Skippagurra, Varangerbotn, og utover mot Vadsø. I Vestre Jakobselv nådde vi att Bodil og Bente. Bodil stod då i kø for å få hente passa våre.

Planen var middag på Ekkerøy og overnatting i Vadsø, men Havhesten på Ekkerøy er stengt denne sesongen, så då fann vi ut at vi skulle køyre til Vardø for overnatting.

Litt meir sightseeing står på planen i dag, før vi køyrer inn i Russland i morgon.

Eldrid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: