Posta av: 4murmansk | juni 30, 2010

Like før

Vi overnattar ca 3 minutt frå grensa til Russland. Etter sightseeing i Vardø, Hamningberg tur retur, lunsj og museumsbesøk i Vadsø, og middag samt bensinfylling i Kirkenes, kom vi hit til Sollien i ti-tida i kveld.

Sidan har tida gått med til å bere alt ut av bilen, sortere ut det som skulle hivast, og pakke om slik at vi får færrast muleg kolli å drage inn på tollstasjonen. Pass, visum, vognkort og forsikringsbevis ligg klare i hanskerommet, og vi har repetert at chassisnummer er det same som understellsnummer i vognkortet. Vi har også teke ein siste kikk på arka med russiske bokstavar som vi printa ut før vi for. Det er ikkje mykje tid å slå opp når ein skal lese vegskilt i full fart, så dess meir som er i hovudet, dess betre.

Bodil har kalkulert med at vi skal rekke å kome til grensepasseringa før flya har landa og bussane med passasjerar har kome så langt som hit. Då kan det vere lang kø og mykje venting.

Dette blir berre ei kort oppdtering før vi tek natt. (Natt og natt fru Blom, – det er omtrent like lyst heile tida).

Så får vi sjå kva vi rekk å formidle medan vi er i Murmansk. Vi har mykje vi har tenkt å rekke over der og.

Eldrid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: