Posta av: broyset | juni 30, 2010

Endå ei Bente

Då vi var på Skaidi måndagskvelden,  fortalde Karl Johan (Kalle), mannen til Bente, at vi skulle til  Billefjord, og Bente fekk det verifisert hos Bodil. Kalle fortalde til Bente at han hadde hatt ei brevvenninne der i barndomen.  Han hadde Birgit Berg som lærar i Hjørungavåg, og sidan ho då nyss var komen frå Porsanger, hadde ho sytt for at klassa hennar i Hjørungavåg brevveksla med ei klasse i Billefjord.

Ved skiltet til Indre Billefjord

Skiltet til Ytre Billefjord

 

Sidan Bodil og Bente er på tur, fann dei ut at dei skulle prøve å få møtt ho Bente Gabrielsen.  Google hjelpte med å finne sannsynleg kandidat, og Bente sende sms.  Respons med ein gong!!  Etter eit par runder, enda det med opplysningar om at brevvenninna var i England – men viss ho hadde vore der skulle ho ha teke mot oss med opne armar!! 

Bente Gabrielsen frå Billefjord

Sidan på dagen fekk Bente bilete frå England, og lov til å legge det på bloggen.  Slikt kan ein oppleve i Finnmark, sjølv om dama er i England!  Vi meiner dette er endå eit bevis på at Kalle har god smak og godt vit når det gjeld damer.
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: