Posta av: broyset | juni 29, 2010

Vi har fått visuma våre. Eller: sel posten tenester som dei ikkje har?

I dag i halvtolvtida, fekk først Eldrid, deretter Bodil, telefon frå posten som lurte på kva dei skulle gjere med pakken med passa og viuma.  Dei blei bedne om å levere dei i posten i Vestre Jakobselv, dit dei var adresserte som poste restante.  Vi var glade og letta, og la opp ruta slik at vi skulle vere i Vestre Jakobselv før kl 18 – den nye opningstida som jenta på bensinstasjonen hadde opplyst oss om, men som www. posten.no ikkje er enig i, dei opererer med opningstid fram til kl 21 00.

Passa var der, og visuma var også der.

Vi stussa litt på sporingsopplysningane:  Pakken var innlevert fredag 25. juni,  formiddag i Oslo, komen til Tromsø måndag kl 01:50, laste opp for utkøyring frå Vadsø tysdag 29. kl 07:36, komen til post-i- butikk i Vestre Jakobselv kl 11:40 tysdag 29. og motteken av Bodil Røyset kl 17:27 tysdag 29.  Men vi betalte 400 ekstra kroner for at posten skulle kome fram til mottakar før kl 09:00, og seinast før kl 16:00 dagen etter innlevering, dvs laurdag 26. juni.  I verste fall kan ein tolke reglane slik at pakken skulle ha vore framme på måndag 28. Vi tok ein sjekk i opplysningane til posten, og fann ut at den spesifiserte leveringsforpliktelsen deira stoggar på postnummer 9600 Hammerfest.  Aust-Finnmark, inkludert 9810 Vestre Jakobselv er ikkje nemnt.  Betyr det at vi har betalt for ei teneste som ikkje finnst?

Vi har i alle fall pass med visum, i tide til planlagt kryssing av grensa til Russland.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: