Posta av: 4murmansk | juni 28, 2010

Sametinget

Sidan vi var innom Karasjok i dag, måtte vi sjølvsagt stoppe og sjå på Sametinget.

Bygget er ein halvsirkel, med ein lavvo-inspirert sal inne i halvsirkelen.

Her inne er sjølve tingsalen. Det kan sjå ut som bygget er dekka av stjerner, men bildet er teke gjennom vindauget på biblioteket, så «stjerneflekkane» er refleksar av alle lampane, – som ifølge guiden skal representere stjerner.

Bygget husar også det samiske sentralbiblioteket, og har eksemplar av alle titlar som er utgitt på samisk, – meir enn 5000 fekk vi vite. Ikkje alt står framme, – ein del er i magasin i kjellaren.

I eine enden av biblioteket ligg denne skulpturen:

«Favntak» av kunstnaren Annelise Josefsen.

I vandrehallen er der lekre stolar:

Det flottaste rommet var sjølve tingsalen.

Det går nok ikkje an å formidle kjensla i rommet og heilheita på enkle bilde.

Dette er eit rom som må opplevast.

Her er bildet bak talarstolen.

Og utanfor inngangsdøra har dei askebeger som står i stil:

Vi kom ikkje veldig langt i dag, – stoppa i Tana, – men dette var verd tida det tok.

Les meir her.

Eldrid

Advertisements

Responses

  1. Fantastisk flott byggverk,og ja,stilig askebeger…


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: