Posta av: broyset | juni 28, 2010

Kva slag blom er dette?

På vegen mellom Kautokeino og Masi, la Bente merke til desse blomane i vegkanten, og lurte på kva det var.  Bodil kan ikkje mykje om blomar, men meinte at dei også finst sørpå, med litt blassar blåfarge.  Vi stogga og plukka ein blom, som blei fotografert på ein serviett.  Blomsten likna litt på orkide, blada var vi meir usikre på. 

Kan nokon fortelje oss kva blom dette er?

Etterskrift 30. juni:  Roger Johansen frå Hammerfest fortel via Facebook at blomen heiter Setermjelt, og finnst særleg i Aust-Finnmark.  Han minner om at vegkantane no har blitt eigne biotopar, med blomar som kanskje ikkje finst elles i området.  Roger fotograferer mykje, og er og interessert i blomar.   Vigdis Rise fortel på facebook at ho har sett blomen i Fjørå på Sunnmøre

Nærbilete av blomen

Slik voks blomane i vegkanten

Advertisements

Responses

  1. Vikke heiter familien. Den veks i Hjørungavåg også. Det hugsar eg frå den tida eg var lærar der.

  2. Tuse takk. Bente snakka om Vikke i går, men vi var ikkje sikre. Dei var fine, og det var mange av dei.

  3. Ser ut for meg som ei ganske vanlig fuglevikke. Den veks vel stort sett over alt. Klatrar på gjerde m.a.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: