Posta av: broyset | juni 28, 2010

Gjennom det stengde Sverige til Kautokeino

Den einaste maistonga vi såg - i Sorsele

Bente og Bodil budde fint på ungdomsherberget i Sorsele og hadde til og med litt internettilgang!  Etter morgontur, der Bente også fekk sjå noko av dei velorganiserte småbyane på glesbygdene i Sverige, starta vi på turen nordover.  Etter laurdagens ferd gjennom det midtsommarstengde Sverige, tok vi sikte på å kome oss til anna land, dvs Finnland eller Norge.  Vi tok sikte på å nå Juhls i Kautokeino, det kunne vere fin premie etter lang transportetappe. 

Etter ei stund fekk vi kontakt med Eldrid og Asbjørn i den andre bilen, og utveksla informasjon om kvar vi var, og kvar v hadde tenkt oss.  Då vi antyda Kautokeino, med overnatting i Alta, kom det svar om at så langt greidde ikkje dei å køyre den dagen.  Vi gjorde merksam på at når vi var i Jokmokk og dei i Pello, så hadde dei ti mil kortare rute enn oss. 

Bente og Bodil ville prøve Eldrids regel om kaffipause kvar 25. mil, høveleg når speeometeret jamt viser 120.  Men det var umogleg.  Ingenting ope i Jokkmok, alt stengt i Porjus, ingenting i Gällivare, alle kafear og gatekjøken stengde i Vittangi, i Øvre Soppero gadd vi ikkje å køyre av vegen for å sjekke ein gong, men satsa for fullt på finsk Karesuando – der vi fekk finnbiff, omelett og kaffi.  Dei femti milene vi køyrde gjennom Sverige overlevde vi på farris, peanøtter og banan.  Bente er overgidd over svenskane: dei er ikkje sunnmøringar i alle fall, som stenger all matservering ei helg då ein kan tenkje seg at dei mange familiar ville gå på kafe for å hygge seg i lag.

Vi enda opp med å sove på det nye Thon-hotellet i Kautokeino.  I baren om kvelden møtte vi  nokre av bygdas søner, som både joika og flørta med damene.  Vi måtte enno ein gong beundre den samiske/finnmarkske evne og lyst til å ta kontakt og hygge seg saman med dei som driv forbi…

Morgonturen i dag gjekk i dette landskapet:

Ovanfor hotellet i Kautokeino

Utsikt over Kautokeino frå hotellet

 

Då vi forlet bilen i går kveld, hadde vi køyrt 1813 km frå Sulesund.  Eldrid og Asbjørn har køyrt 2015 km frå Bremanger.

Advertisements

Responses

  1. Imponert over både framdrifta og sosiologiske studier av urinnvånerne! 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: