Posta av: 4murmansk | juni 28, 2010

Fire mil med hjertebank

Vi klarte det igjen. Vi gløymde å fylle bensin i Karasjok. Men pytt pytt, der var nesten ein kvart tank igjen, og det kunne vel ikkje vere SÅ langt til neste bensinstasjon. Der var mange stadnamn på kartet nedover Tanadalen, – ein av dei måtte sikkert ha ei bensinpumpe.

Sjølvsagt er det langt, – dette er Finnmark! Og som vi har sett etterkvart, – står det to eller tre hus i lag, kvalifiserer det for å få stadnamnet i NAF-boka.

Vi køyrde og køyrde, – forbi det eine namnet etter det andre, men ingen bensinpumper å sjå. Det byrja å lyse på dashbordet, men fremdeles inga bensinpumpe i sikte, og etterkvart minka det på stadnamn der det var sannsynleg at det var ei slik å finne.

Dette byrja å sjå skummelt ut.

Siste håpet vårt var Utsjoki. Fann vi ikkje bensin der, var det ikkje fleire sannsynlege stadar før Tana, og så langt ville vi ikkje kome med det vi hadde att på tanken.

Endeleg fekk vi ei bru i sikte.

Vi byrja å puste lettare. Bilen gjekk framleis. Men var der bensinstasjon?

Eg meinte å hugse frå vår forrige tur at der iallfall var bensinstasjon på den finske sida.

Endeleg framme ved brua og krysset. Men her såg veldig aude ut. Kva no? Køyre litt vidare og sjå etter om det fanst noko her, eller køyre over til Finlandsida?

Utifrå erfaringane på den norske sida så langt, valde vi det siste, og tok vegen over brua.

Vi speida i spenning. Der var iallfall flagg. Men det var visst berre tollstasjonen.

Hugsa eg verkeleg feil?

Nei. DER dukka Shell-skiltet opp, og nervane og hjertebanken kunne endeleg roe seg. Berga i siste liten, – eller iallfall nestsiste liten.

Det som gjorde at eg hugsa bensinstasjonen, var at eg skreiv blogg frå forrige turen vi hadde her i området. Ser de på bildet av brua i denne bloggposten, kan de kanskje skimte Shell-skiltet i høgre kanten bak det blå vegskiltet.  Sidan eg hadde jobba med bileta etter den turen, meinte eg (nesten) sikkert at der var ein bensinstasjon på finskesida av brua. Hadde eg ikkje visst det, trur eg ikkje vi hadde tenkt på å leite på den finske sida. Vi hadde sikkert trudd at Utsjoki berre var eit vegkryss og eit par spreidde hus langs vegen, – og så køyrt vidare nedover til det stoppa av seg sjølv. For det hadde det nok gjort etter nokre kilometer til.

Så folkens, – blogging er faktisk nyttig.

Og ikkje tru utan vidare at der er bensinstasjonar for kvar tiande eller femtande mil i Finnmark.

Eldrid

Advertisements

Responses

  1. Du he no berre en fantastisk hukommelse då.(Men kanskje ikkje når det gjelde å fylle bensin)hi-hi…

  2. Hahah, jeg må le.

    Dere vet hva slikt kalles?

    : J*** teite bortskjemte Søringa som alltid har alt ved neste veikryss!

    Og det trodde jeg faktisk var mest symptomatisk for folk sør for Sinsenkrysset, ikke for sindige vestlendinger?

    Hm.

    😉

    • Hehe, Ingeborg. Ja, vi burde ha visst betre. Heldigvis var det no bru bort til bensinstasjonen, så vi slapp å ta ferge.

  3. Eg er kjempeimponert over kva du hugsar Eldrid. Å kunne ta att det med ein bensinstasjon du passerte i buss for tre år sidan, er heilt utruleg. 🙂 Og Tone: Det var nok eg som køyrde, og som følgde med på bensinmålaren…


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: