Posta av: 4murmansk | juni 26, 2010

Litt om senn . . .

…. kravlar vi oss nordover på austkysten av Sverige. I dag enda etappen her:

Og her endar også austkysten av Sverige.

Men før vi kom så langt, starta dagen med «nykternhetskontroll» på vei ut av Umeå.

Dette var vel ikkje meir enn som kunne ventast dagen etter midtsommarsfesten.  Asbjørn besto testen med glans, så vi kunne køyre vidare med ein gong.

Veret var noko utrygt, og såg noko truande ut rett før Piteå, der vi hadde planlagt å stoppe for å ete lunsj.

Og rett nok, – akkurat då vi skulle svinge av, kom det eit skybrudd med både lyn og tore, og regnet bøtta ned.

Trass i at vindaugsviskarane, – nettopp kjøpt nye ein halvtime tidlegare, – gjekk for fullt, var det så vanskeleg å lese og tyde skilta at vi ga opp å finne vegen til Piteå, og kravla oss vidare mot Luleå i staden.

Det letta heldigvis før vi kom inn i Luleå, for her hadde vi tenkt å sjå oss om litt, og også finne ein stad å ete.

Ikkje heilt enkelt, – omtrent alt var stengt også dagen derpå. Einaste vi fann var ein kebab-restaurant, og der hadde dei heldigvis salat på menyen:

Nydeleg god var den og.  Ser ut som det er innvandrarane som held hjula i gang når resten av Sverige feirar.

For å vere heilt rettferdig, så var faktisk turistinformasjonen også åpen her, – den holdt til på biblioteket. Her fann vi eit hefte med eit par sider om Haparanda, som vi hadde sett som mål for dagens køyretur. Kun eit hotell var med i brosjyra, og dit ringde vi og bestilte oss eit rom.

Og det synest vi at vi var heldige med denne gongen.

Hotellet er ganske nytt, skal åpne verdens største badstu og spa i august, og har alt no oppvarma basseng ute.

Torneälven flyt rett nedanfor, og på andre sida er Finland.

Vi synest dessutan at romnøklane var kjempepraktiske. Dei kan festast på armen og bli med i bassenget, og det er berre å halde dei mot låsen for å låse opp døra.

Dessutan gløymer ein dei ikkje att inne på rommet når dei heng rundt armen.

Badet var også stilig, med moderne men eigentleg ganske upraktisk vask. Likte best tannglasa.

Hotellet heiter Cape East, og har også nydeleg mat i restauranten. Det har vi testa i kveld.

Her er så dagens blomst, teke i resepsjonen:

Eldrid

Advertisements

Responses

  1. Flott hotell, og ganske så moderne. og maten ser bra ut også 😉

    Jeg var på et seminar ang moderatorer på netttjenster i regi av Kripos nå april som var, og Nettby inkvarterte oss her: http://www.booking.com/hotel/no/thon-gyldenlove.no.html?aid=311099;label=hotel-23636-no-If81H3IODPilMBb3rIHwfQS4306300723;ws=&gclid=CPWNmJL4vqICFYou3godkWY35g

    Designerhotell!

    Badene var sære, vindu inn og vindu ut til rommet, samt speil som på en måte forstørret badet.

    Artig opplevelse, men absolutt ikke noe for sjenerte mennesker!

    • Av og til kan designet gå ut over funksjonaliteten, ja 😉


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: