Bente og Bodil stoppa tidlegare enn planlagt fordi vandrarheimen i Sorsele har internett og plass til oss i tomannsrom. Etter å ha sjekka bloggen, sjekka vi nummersporinga til posten, som påstår følgjande om passa våre:
Sendingen er innlevert til terminal og videresendt 25.06.2010 19:42 0024 OSLO
Sendingen er innlevert på postkontor 25.06.2010 11:47 0505 OSLO
Hmmm. her skulle det vel stå at den var motteken i Vestre Jakobselv? Vi ringde til Esso i Vestre Jakobselv, som har post -i-butikk der. Ei hyggeleg stemme som vi trur tilhøyrer ei ung jente, fortalde at posten er stengd, og ho veit ingenting. Posten opnar ikkje der før måndag morgon, og han stenger kl 18. På posten sine heimesider står det at posten i Vestre Jakobselv er open måndag til laurdag frå kl 8 – 21, og søndag frå kl 12 – 21. Viss posten skrønar om dette, skrønar dei også om at vi skulle få passa våre der?
Hm, ja, – dette blir spennande.
Spørs om dei har havna på do.
By: 4murmansk on juni 26, 2010
at 7:38 pm
Litt vel spennande? Det ordnar seg som oftast for snille jenter, så dokke har vel ein sjanse;)
By: Anlen on juni 26, 2010
at 7:51 pm
Passsa kjem nok fram.
Sendingen er innlevert på postkontor 25.06.2010 11:47 0505 OSLO (lokalt postkontor)
Sendingen er innlevert til terminal og videresendt 25.06.2010 19:42 0024 OSLO (hvedpostterminal) Neste stopp et heiolt sikkert hovedpostterminal i Finnmark.
Så slapp av damer dette ordner seg.
By: Kalle on juni 26, 2010
at 9:01 pm
Alltid spennede med postens leveranser 😉
By: Ingeborg on juni 26, 2010
at 11:57 pm