Posta av: 4murmansk | juni 25, 2010

Sverige er stengt

…. meir og mindre heile denne helga.

Svenskane feirar midtsommar den fredagen som fell nærast den 24. juni, og i år er det den 25. juni, – altså i dag. Vi merka det alt i går kveld då vi kom til stengde hotell i Ånge, og i dag tidleg var det heilt dødt i byen, – omtrent ikkje eit menneske å sjå.

Midtsommardagen er fridag og offisiell flaggdag, – vi såg nokre stader der dei både hadde pynta med bjørketre og flagg, men mange flaggstenger stod også tomme.

Og det er altså langhelg.

Så då stenger medelsvensson sjappa, pakkar dei 1,54 ungane i volvoen, hektar på campingvogna og fyller opp campingplassane og badestrendene rundt om. Det ville nok vi ha gjort heime og med det veret vi har hatt i dag.

Det er ikkje så ille som det ser ut til, for dette er i sola, så det er eigentleg akkurat passeleg.

Dagen har vore udramatisk, og alt har gått greit, – mest fordi vi ikkje har gjort særleg anna enn å køyre, – iallfall til utpå ettermiddagen. Sidan alt muleg var stengt, køyrde vi utanom dei større stadane slik som Sundsvall, og sikta oss nordover kysten langs E4. Det gjekk som ein røyk i 90 og 110 mestepaten av tida. Før vi rakk så mykje som å bli svoltne, hadde vi køyrt 25 mil. Heime reknar vi at ca 10 mil, f.eks. inn til Stryn, kvalifiserer iallfall for ein kaffistopp. Her vart det hamburgerbar i Örnsköldsvik, – noko anna etablissement var ikkje åpe, – heller ikkje turistinformasjonen. Den skulle vere stengd heile helga.

Før vi kom slett så langt, var det eitt lite høgdepunkt: vi fekk sjå Bottenhavet, her represenert ved ei flik av det sett gjennom rekkverket på Högakustenbron. Ingen av oss hadde sett Bottenhavet før, så det var iallfall nytt. Strengt tatt er det vel Ångermannälven som renn under brua, men det bles godt innover frå havet, så vi trur nok at der var litt Bottenhav innblanda her i utløpet.

På ein bensinstasjon i Hörnefors fann vi endeleg litt informasjonsbrosjyrer, og bestemte oss for å ta ein tidleg kveld i Umeå dersom vi fann brukande overnatting. Og det gjorde vi.

Scandic Umeå Syd er ope, – til og med restauranten. Så her landa vi i dag i halv-fem tida.

Etter så mange dagar med køyring var det godt å berre setje seg og slappe av i sola med noko kaldt å drikke.  Så no har vi lada opp til ein forhåpentlig tidleg start i morgon, samt vaska opp litt kle og diverse.

Godt å få nyte litt sommar.

Eldrid

Advertisements

Responses

  1. Svenskene er litt rarere enn oss, de plutselig stenger både butikker og Systembolagene så fort en eller annen helgen VI aldri har hørt om skal Æres opp og i mente.

    Men Midtsommarafton skal de ha, der har de gjort noe så klokt som å legge den til nærmeste helg, slik at de kan feire den på skikkelig vis.

    Der har vi nordmenn noe å lære, tycker jag.

    God tur videre 😉

    • I Florø dreiv dei og flytta på jonsoken til næraste helg, men trur det er slutt på det no. Somme år var det kanskje vanskeleg å bestemme akkurat kva tid det skulle vere jonsokfeiring 😉

  2. God tur til dokke begge. Eg følgjer med. Sjølv er eg på Sandane i campingvogna og har verdas slappaste dagar 🙂 Omei veke er Ole og eg på vegen, men vi reiser sørover og til midt i Sverige etterkvart.

    • Tusen takk, Helen. God ferietur til dokke og. Sverige har sikkert opna att til dess.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: