Posta av: kameleonquilt | juni 24, 2010

Andre etappe

… gjekk frå Dombås til Tynset, som vart dagens første stopp. Vi stoppa tilfeldig utfor ein gardinbutikk, og det passa bra, for då kunne vi få kjøpe borrelås til å reparere bilen med.

Lunsjstopp vart på denne plassen:

–         ikkje bokstaveleg tala, – men dei som kjenner att bergverkssymbola, skjønar kanskje at det er Røros.

Røros har mange spennande dører:

Til og med politiet har innbydande dører her.

Byrjar du å åpne dørene og gå inn, kan du risikere å bli hengande fast i alt det flotte i fleire timar, så dei som har dårleg tid, bør helst ikkje stoppe her i det heile teke. Meir om kva som er bak dørene kjem kanskje seinare.

Turen gjekk vidare til grensa. Til opplysning: dersom de gløymer, eller ikkje gidder, å fylle bensin på Røros, så er det ein bensinstasjon på Brekken, like før grensa. Heldigvis!

Stoppa på Funäsdalen og fekk tak i kart og diverse brosjyrer.  Alle stader er det freistande skilt.

Som nyleg innvandra over grensa, var vi ikkje heilt sikre på kva dei eigentleg selde i denne butikken, spesielt sidan vi også hadde sett andre skilt om «nesten» det same:

Det såg ut som det skulle gå an å ta av på Hedeviken for å korte vegen til Sundsvall. Vegen såg tynn og liten ut på kartet, så vi forventa oss ikkje stort, men den var faktisk betre enn den vi hadde køyrt nedover dalen frå grensa, bortsett frå eit kort stykke midt i.

Det var for langt å køyre heilt til Sundsvall, så vi sikta på Ånge, som det også var skilta til heilt frå Hedeviken. Rekna med det var ein ganske stor plass som skulle kunne gå an å få seg noko overnatting på.

Vi fann først eit hotell, som viste seg å vere stengt, men vi kunne ringe eit telfonnr. for å få rom. Der var det berre ein telefonsvarar.

Vi såg oss rundt, såg ingen turistinformasjon, men fann ei kebabsjappe der vi gjekk inn og spurte om dei visste om noko hotell i nærleiken. Jau, det var eit rett rundt hjørnet, fekk vi vite. Og det stemte, der låg Mittlandia Hotell. Men det var også stengt, viste det seg, trass i at opplysningane på alle plakatar sa at det skulle vere ope. På døra stod det to telefonnr denne gongen, og vi ringde begge to, men til inga nytte.

Vi gjekk tilbake til kebabsjappa, for vi tenkte vi måtte få oss litt mat før vi evt. køyrde vidare på leit etter husrom. Eigaren vart opprørt då han høyrde at hotellet var stengt, så han gjekk fluksens ut på fortauet og snakka til ein ungdom som han visste jobba der, og fekk lovnad på at han skulle ordne med rom til oss. Etter at vi vel hadde fått i oss maten ringde Saddik, som ungdomen  heiter, til sjefen sin, – hotelleigaren, – og ordna ut og fekk kode til ein nøkkel som låg ute i ein boks. Så viste han oss korleis ting fungerte med å låse opp og att utdøra, samt rommet vi skulle ha, og tekjøkken med mat til frukosten.

Så no sit vi her og har eit stort hotell heilt for oss sjølve.

Ikkje alle kebabsjapper ein får slik service i.

Eldrid

Advertisements

Responses

  1. Så godt at de fekk så god hjelp! Det var kjekt å høyre 🙂

    Eg må spørre: Kva brukte de borrelåsen til?

    • Ingenting dramatisk 🙂
      Berre ein solskjerm som ikkje vil stå i posisjon. Reparasjonen var nok ikkje heilt vellykka. Vi må muligens til med nål og tråd. 🙂 🙂

  2. Eget hotell ja, slett ikke verst!

    😉

  3. Det er når fremmede mennesker får hjelp på denne måten jeg gjenvinner litt tro på menneskeheten. 🙂

    Godt at ting ordner seg, morsom lesning også!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: