Posta av: kameleonquilt | juni 23, 2010

Første dag for Bremangergjengen

Vi har starta turen.

Liksom sist, var det ikkje heilt utan komplikasjonar i starten.

Då vi kom til Oldeide og skulle ta ferja kl 12.50, kom det inga ferje. Ikkje på grunn av tåke denne gongen, men det viste seg at den hadde grunnstøytt på Husevåg tidlegare på dagen. Heldigvis kom der ein skyssbåt (passasjerbåt), så Asbjørn fekk sende med kassa med tørrfisk som var planen å levere til ein i Måløy som hadde ønskt seg nokre tørrfiskar. Det hadde vorte litt bal å la den bli med heilt til Murmansk og tilbake før han kunne levere den.

Heldigvis har vi no eit eminent fastlandssamband, – vel, det fungerar i alle fall, – så vi kunne snu bilen og sikte på ei ferje lenger inne i fjorden, på Isane. Vi vart litt forseinka i forhold til det vi hadde tenkt, men vi har no ferie, og bra med tid enno, så det hadde ikkje så mykje å seie.

I Stryn passa det å ta kaffipause,

…. og litt pause måtte vi ha på Lom også.

Der såg vi at vi ville kome veldig seint til Røros, så Asbjørn ringde og bestilte motell på Dombås i staden. Så no overnattar vi på Dombås, – det veit eg ikkje om eg har gjort før. Det er ein plass vi som regel berre køyrer forbi, – til nød tek ein kaffi- og/eller tissepause.

Stadig nye erfaringar å gjere seg.

Det var nydeleg temperatur når vi kom inn i fjorden og over fjellet, – ikkje mykje skoddevind å spore her.

Eldrid

Ps Vi har sett berre ein mygg til no.

Advertisements

Responses

  1. Dette blir spennande saker! Eg skal nok henge meg på:) Bodil og Bente syng eg saman med kvar mandag, det blir vel ikkje heilt stille på turen heller…

  2. Anlen: 🙂
    Du kunne også sagt :»Skravlar i kor med «, ikkje sant?

  3. Eldrid og Asbjørn : Ikkje akkurat nokon flying start ditta . Dombås er kansje for harryland å rekne , men må ein så må ein ! Vi satsar på meir etnisk-relaterte opplevingar etterkvart :).

    • Vi gler oss til det …. og. 🙂

  4. Når jeg vet hvor trange veiene innover fra tunnellen er, så syns jeg dere kom dere langt på en dag jeg 😉

    • Ja, du har no sett korleis dei er 😉

  5. E no litt misunneleg ej då.Kunna tenkt mej å blitt med,men det passa dårleg i år.Kos dokke kjempemasse…


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

kategoriar

%d bloggarar likar dette: